Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Noregs Mållag med kulturell maktutgreiing

 (03.03.2000)

Pressemelding 3. mars 2000.

Noregs Mållag set no i gang eit omfattande nybrotsarbeid under namnet ”Målreising 2005”.
– Vi har laga ein tenketank, der forskarar med ulik fagleg og språkleg bakgrunn vert knytte saman for å koma fram med nye perspektiv og ny kunnskap om samanhengen mellom samfunnsutviklinga og den språklege og kulturelle utviklinga. Eg vonar at den nye prosjektgruppa kan verta ei motkulturell maktutgreiing, seier Oddmund L Hoel, leiaren i Noregs Mållag.

Både norsk språk, kultur og distriktspolitikk står overfor store utfordringar i det nye hundreåret, meiner Noregs Mållag.
- Ein har bygt vegar og prøvd å skapa arbeidsplassar i distrikta utan å sjå at kulturelle fenomen som dialektar og heimstadkjensle kan vera vel så viktige verkemiddel i arbeidet mot sentralisering og urbanisering, seier Hoel.

Hoel lovar at arbeidet til den nye tenketanken skal visast att både i og utanfor målrørsla:
– Vi vil få inn i det offentlege ordskiftet kva språk, kultur og identitet har å seia for samfunnet og kor viktig det er å ta heile landet i bruk på dette feltet òg. Både byane og bygdene fortener noko betre enn bysjåvinistar og bygdedyrjegerar, seier Hoel.

Tenketanken vil vera i arbeid fram til sommaren 2001. Då skal landsmøtet i Noregs Mållag staka ut strategien vidare.

Prosjektgruppa for Målreising 2005 har desse medlemmene pr i dag:
<li>Øyvind Thomassen (leiar): førsteamanuensis i teknologi- og vitskapshistorie v/Noregs teknisk-vitskaplege universitet. Dr.-avhandling om framveksten av ein norsk by- og distriktspolitikk 1930-65; 2. vara til styret i Noregs Mållag
<li>Gunnar Skirbekk: professor i filosofi v/Universitetet i Bergen
<li>Jan Terje Faarlund: professor i nordisk språkvitskap v/Universitetet i Oslo
<li>Ottar Hellevik: professor i statsvitskap v/Universitetet i Oslo
<li>Mariann Villa: forskar v/Senter for bygdeforsking, Allforsk.
<li>Elisabeth Bakke: Dr.polit.-stipendiat i statsvitskap v/Universitetet i Oslo
<li>Svein Ivar Angell; Dr.art.-stipendiat i historie v/Ivar Aasen-instituttet, Høgskulen i Volda
<li>Audgunn Oltedal: NRK
<li>Lise Kvande: Dr.art.-stipendiat i medisinsk historie v/NTNU
<li>Håvard Teigen: førsteamanuensis i regional økonomi og politikk v/Høgskolen i Lillehammer; styre- og AU-medlem i Noregs Mållag.

For meir informasjon:
<li>Oddmund Løkensgard Hoel, tlf 970 21 194, <a href="mailto:oddmund.hoel@nm.no">oddmund.hoel@nm.no</a>, leiar i Noregs Mållag
<li>Øyvind Thomassen, tlf 73 59 17 83, <a href="mailto:oyvind.thomassen@hf.ntnu.no">oyvind.thomassen@hf.ntnu.no</a>, prosjektleiar
<li>Håkon Kolmannskog, tlf 986 96 916, <a href="mailto:hakon@nynorsk.no">hakon@nynorsk.no</a>, sekretær for prosjektgruppa.

Meir info på <a href="http://www.nm.no/maalsaker.cfm/1703/4835">http://www.nm.no/maalsaker.cfm/1703/4835</a>.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no