Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Kjelde til kunnskap og glede - Norsk ordbok

 (02.03.2000)

Pressemelding frå Noregs Mållag 2. mars 2000.

Noregs Mållag er svært glad for at regjeringa går inn for å prioritera opp arbeidet med storverket "Norsk Ordbok" i bibliotek- og museumsmeldinga (St. meld. nr. 22/99-00).

Tolvbandsverket "Norsk Ordbok" er i særklasse det viktigaste og største ordboksverket i norsk historie. Det dokumenterer framveksten av den nynorske litterære arven og ordrikdomen og mangfaldet i dei norske dialektane, og dermed er det eit verk som vedkjem alle norsktalande og -skrivande. Jamført med andre land er det eit stort tap for Noreg og norsk språk at eit nasjonalt ordboksverk framleis ikkje er fullført.

Noregs Mållag ser det som svært viktig at "Norsk Ordbok" får tilført dei naudsynte midla slik at verket kan stå ferdig til grunnlovsjubileet i 2014. Stortinget bør slå klart fast at fullføringa av "Norsk Ordbok" er det klart viktigaste av dei fire nasjonale oppslagsverket som er nemnde i stortingsmeldinga. Kravet om fullfinansiering må og gjelde vidare om verket ikkje skulle bli ferdig innan 2014.

For meir informasjon om Norsk ordbok, sjå på <a href="http://www.hf.uio.no/inl/al/no/index.html">http://www.hf.uio.no/inl/al/no/index.html</a>.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no