Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Medlemsvekst i Noregs Mållag

 (11.02.2000)

1999 vart eit godt år for Noregs Mållag. For fyrste gongen sidan Ivar Aasen-året i 1996 gjekk talet på betalande medlemer over 11000 og enda på 11041 medlemer. Det er ein auke på 189 frå 1998, og det kom i 1999 691 nye medlemer til organisasjonen, som er om lag det same som i 1998.

- Eg trur denne veksten kjem av at Mållaget har markert seg positivt på nye og viktige saker som IT, samstundes som somme lag har gjort eit særs godt vervearbeid lokalt, seier Oddmund L. Hoel, leiar i Noregs Mållag. – Særleg vil eg trekkje fram Landvik Mållag i Grimstad, som mest har dobla medlemstalet i 1999 frå 57 til 105 medlemer.

Det meste av veksten kom i Oslo-området, Agder og Sogn og Fjordane, men jamt over er det vekst eller stabilitet i alle fylkeslaga. Berre i Trøndelag er det ein viss nedgang.

På landsmøtet i 1999 starta Noregs Mållag Aksjon 2000 – Nynorsk i ei ny tid, og til no er det verva 416 medlemer. – Vi trur vi skal klare å nå målet på 2000 medlemer, seier Hoel optimistisk, - våren er viktigaste tida for rekruttering, så no oppmodar vi alle laga og medlemene til å ta i eit tak for å nå målet om 2000 nye medlemer innan landsmøtet i juli.


For fleire kommentarar: kontakt leiar Oddmund L. Hoel på mobil 970 21 194, e-post oddmund.hoel@nm.no eller organisasjonskonsulent Vidar Lund på tlf. 22 47 71 14 (dir.), e-post vidar.lund@nm.no.

Vidar Lund
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no