Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Måljamstellinga usynleg i IKT-plan for skuleverket

 (04.02.2000)

- Det er ikkje lett å finna dei gode grepa for korleis måljamstellinga skal gjennomførast innanfor IKT, sa utdanningsminister Jon Lilletun då han presenterte IT-planen for skuleverket 28. januar. Noregs Mållag er sterkt uroa.

Lilletun hadde teke med seg Næringsminister Lars Sponheim då han presenterte "IKT i norsk utdanning. Plan for 2000-2003" i Oslo. Dei to statsrådane har tenkt å bruka 757 millionar kroner dei neste fire åra på å rusta opp informasjons- og kommunikasjonsteknologien i grunnskulen og den vidaregåande skulen, og sentralt står utdanning og etterutdanning av lærarar som totalt får 300 av millionane. 80 millionar skal brukast på utvikling av elektroniske læremiddel i fireårsperioden.

Derimot ser det ikkje ut til at IT-opprustinga skal koma nynorsken til gode. Planen nemner ikkje måljamstellinga i det heile, slik den førre planen (1996-1999) gjorde på fleire punkt. Den førre planen slo mellom anna fast at rammeavtaler om datainnkjøp til skulane måtte "ivareta hensynet til de to norske målformene", men dette har ikkje vorte fylgt opp av Nasjonalt læremiddelsenter som har inngått desse avtalane. Utviklinga av elektroniske læremiddel er framleis underlagd jamstellingskravet i Opplæringslova som seier at dei skal liggja føre til same tid og same pris på nynorsk og bokmål, men praksisen dei siste åra viser at det er svært langt fram til nynorskelevane har det same tilbodet som bokmålselevane. Den nye planen er ei klår senking av ambisjonane til KUF på dette feltet.

I innleiinga på pressekonferansen nemnde Lilletun at kravet om at det skal takast omsyn til båe språka ligg fast. På spørsmål om korleis dette skal fylgjast opp etter at det har vist seg at NLS er tungnem på dette feltet, vedgjekk statsråden at han ikkje veit:

- Eg må seia at eg er audmjuk på dette feltet. Det er ikkje lett å finna dei gode grepa for korleis måljamstellinga skal gjennomførast. Eg trudde ei tid at me kunne gjera som islendingane som inngjekk ei avtale med Microsoft om å få program på islandsk, men etter at eg har sett dei omfattande vilkåra som Microsoft sette i avtala, trur eg ikkje lenger dette er ei god løysing, sa Lilletun, som ein gong til presiserte at på det prinsipielle planet måtte det ikkje finnast tvil om at måljamstelling var målet.

Planen kan lesast på <a href="http://www.odin.dep.no/kuf/publ/2000/ikt/">http://www.odin.dep.no/kuf/publ/2000/ikt/</a>.

Oddmund L. Hoel
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no