Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Endå mindre nynorsk på nettsidene til NLS

 (04.02.2000)

Pressemelding 4. februar 2000.

Nasjonalt læremiddelsenter, som skal sjå til at nynorsk- og bokmålselevar får læremiddel på lik line, er eit dårleg førebilete for læremiddelprodusentane. Eit søk på nettsidene til NLS 1. februar i år (domenet *.nls.no) viste at 8,3 % av nettsidene var på nynorsk, mot 9,7 % i januar 1999. På Skolenettet åleine (skolenettet.nls.no) vart det òg mindre nynorsk i løpet av fjoråret - 8,4 % 1. februar i år mot 9,7 i januar 1999. Det nye internettmagasinet Klikk (klikk.nls.no) hadde berre 5,8 % av stoffet på nynorsk, medan eit søk på domenet vs.nls.no gav så lite som 3,6 % nynorsk.
- Dette er nedslåande tal, men er nok diverre representativt for Nasjonalt læremiddelsenter sitt tilhøve til nynorsk. Nynorskelevane kan ikkje venta seg mykje frå den kanten, seier leiar Oddmund Løkensgard Hoel, som no bed utdanningsminister Jon Lilletun rydda opp.


For meir kommentar: ring Oddmund L. Hoel på 970 211 94 eller e-post <a href="mailto:oddmund.hoel@nm.no">oddmund.hoel@nm.no</a>.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no