Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Høyringsfråsegn til Norsk språkråd

 (25.01.2000)

Vedteki på styremøte i Noregs Mållag 21. januar 2000.

Styret i Noregs Mållag vedtok i møte 21. januar 2000 samrøystes denne fråsegna til framlegget frå fagnemnda om ny læreboknormal for nynorsken :

I samband med at Norsk språkråd vedtok å byrja eit arbeid med å revidera læreboknormalen i nynorsk i 1997, sette Noregs Mållag normeringa av nynorsken på saklista internt i organisasjonen. Denne studie- og ordskifteprosessen førte fram til landsmøtet i Noregs Mållag i juli 1999 der det vart gjort eit prinsippvedtak om normering som så godt som heile landsmøtet slutta seg til.

Noregs Mållag (landsmøtet) har dette utgangspunktet for arbeidet med norma i nynorsk:
<li>i den grad nynorsken opplever problem i dag, kjem det ikkje av språklege, men av politiske, sosiale og kulturelle tilhøve i samfunnet. Ei normendring vil neppe ha særleg stor innverknad på stillinga til nynorsken
<li>det er ingen grunn til å gjera store endringar i nynorsknorma i dag – stabilitet bør vera eit overordna omsyn
<li>nynorsken skal byggja på dialektane, samstundes som skrifttradisjonen har fått ein eigenverdi som det må takast omsyn til i normeringa
<li>rettskrivinga bør vera romsleg, med rom for regional og individuell variasjon
<li>det bør finnast ein læreboknormal som representerer ein ”standardnynorsk” og verkar stabiliserande på språkbruken
<li>organisasjonen ser positivt på oppryddingsarbeidet i læreboknormalen, men åtvarar mot å avgrensa valfridomen mellom viktige former eller redusera statusen til tradisjonelle nynorskformer

Med bakgrunn i desse prinsippa kan Noregs Mållag slutta seg til hovudtankane i framlegget frå fagnemnda, men nemnda går på nokre punkt for langt i å stramma inn normalen. Nedanfor følgjer difor nokre konkrete innvendingar og ein del allmenne synspunkt på framlegget.

Tolkinga av retningslinene
Vi kan ikkje skjøna at fagnemnda har dekning for ei tolking av retningslinene som seier at nemnda berre skal gjera framlegg om nedgradering av former. Konsekvensen av eit overordna ynske om å redusera valfridomen må nødvendigvis bli at hovudtendensen er nedgradering, men dette bør ikkje stå i vegen for å oppgradera former dersom det er føremålstenleg ut frå retningslinene.

Særleg problematisk er fagnemnda sine framlegg om å ta former heilt ut av rettskrivinga, og vi kan ikkje sjå at dette er i tråd med retningslinene, iallfall ikkje i det omfanget fagnemnda har gjort framlegg om.

Det er uklart korleis fagnemnda har tolka setninga i retningslinene som seier at ”Hovudgrunnlaget for val av lærebokformer skal vera den nynorske skrifttradisjonen”. I notatet frå ein av fagnemndmedlemene blir det hevda at dette skal tolkast som skriftpraksisen i dag, ikkje den tradisjonelle norma. I hovudnotatet står det derimot at vekta er lagt på bruksfrekvens, men at tradisjon har vore avgjerande med på å hindra nedgradering av former. Vi sluttar oss til den siste tolkinga, men vi vil presisera, slik fagnemnda sjølv gjer, at Nynorsk frekvensordbok ikkje er ein godt nok uttrykk for nynorsk skriftpraksis i dag.

Stryking av former i rettskrivinga
Uavhengig av korleis ein tolkar retningslinene vil vi rå ifrå at former blir tekne heilt ut av rettskrivinga. Det gjeld særleg tilnærmingsformer av typen [drømme], [drøm]. Sjølv om dei står svakt i nynorsk skriftmål, er dei særleg i bruk i område der nynorsken i dag står svakt, og dei har fått ein viktig symbolverdi som talemålsnære former i desse områda.

Nedgradering av former frå hovudformstatus til sideformstatus
Sjølv om det kunne vera freistande, ser vi det ikkje som vår oppgåve å gå detaljert gjennom heile framlegget, og dei fleste framlegga ser vi både som akseptable og i mange tilfelle ei styrking av norma. Med dei følgjande konkrete merknadene ynskjer vi dels å setja fingeren på nokre framlegg vi er usamde i, og dels å gje eit inntrykk av kvar vi meiner grensa bør gå. Vi gjer merksam på at dette er meint som døme.

<li>partisippformer på –i (har vori): Sjølv om forma på –i totalt sett er lite brukt i nynorsk, representerer –e og –i i partisipp eit markant dialektskilje mellom område der nynorsken står sterkt og område der bokmålet dominerer (Austlandet og Trøndelag).

<li>"verken" og fleirtalsforma "born": Dette er dei einaste einskildorda vi finn grunn til å omtala. Både talemålsgrunnlag, bruksfrekvens, tradisjon og symbolverdi talar mot nedgradering til klammeform. Det same gjeld òg ein del andre einskildformer i framlegget.

<li>-mm-/-m-: Vi ser at det finst argument for å rydda opp i skiljet mellom hovud- og sideformer i lydverket, men vi trur ikkje framlegget på dette punktet gjer det enklare. Tvert om innfører ein her nye skilje ved å splitta opp gruppa.

Oppgradering av former
<li>markering av palatal –j framfor –ing: Språkrådet burde bruka høvet til å retta opp denne systemfeilen. Trass i at denne forma ikkje har vore tillaten på fleire tiår, ser ein framleis jamt skrivemåten byggjing i skrift.

Konklusjon
Vi har her peikt på nokre konkrete punkt som Språkrådet bør vurdera på nytt, og vi reknar med at ein dermed òg vurderer ein del andre punkt som vi ikkje har nemnt, slik at heilskapen og den indre samanhengen i vedtaket er sikra.

Dersom årsmøtet i Norsk språkråd ikkje er viljug til å gå inn og moderera framlegget frå fagnemnda, vil vi rå ifrå at det blir vedteke. Til det er det for mange kontroversielle framlegg som den språkinteresserte ålmenta ikkje har fått høve til å drøfta, og reaksjonane vil temmeleg sikkert bli sterke, både på innhaldet i framlegget og på saksførehavinga. I så fall rår vi heller til at fagnemnda arbeider seg gjennom framlegget på nytt, eventuelt etter at språkrådet har presisert mandatet, og at det blir sendt ut på høyring slik at saka kan takast opp til endeleg avgjerd om fire år. Nynorskbrukarane greier seg svært godt med dagens normal i fire år til.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no