Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Kvar blir det av noreg.no og språkråd.no?

 (25.01.2000)

Pressemelding 24. januar 2000.

- Vi reagerer på at den nye offentlege nettenesta norge.no ikkje er tilgjengeleg som noreg.no, seier leiar Oddmund Hoel i Noregs Mållag. - Dette er eit klårt brot på Lov om målbruk i offentleg teneste og på alle prinsipp i norsk språkpolitikk. Noregs Mållag vil at alle offentlege instansar skal ha domenenamn både på nynorsk og bokmål og at staten går føre i å ta i bruk æ-ø-å. Mållaget er likevel nøgd med at norge.no vil rydda opp.

Det interne regelverket til NORID, organisasjonen som administrerer no-domenet på Internett, står i dag i vegen for at same brukar kan registrera to domenenamn.
- Det undrar oss mykje over at det offentlege har godteke at dette regelverket skal stå over norsk språkpolitikk, seier Hoel, som er glad for at regelverket no blir endra. Norge.no har opplyst at den nye offentlege nettenesta då vil bli tilgjengeleg under www.noreg.no.

- Saka viser at staten må slå fast klare prinsipp for domenenamna til det offentlege, seier Hoel. Noregs Mållag krev at staten slår fast at alle offentlege etatar skal ha parallelle domenenamn både på nynorsk og bokmål dersom dei ikkje har ei fellesform. Mållaget ber òg om at dei norske bokstavane æ-ø-å blir tekne i bruk i offentlege domenenamn.
- Reint teknisk er dette uproblematisk i dag, og staten bør gå føre i kampen for norsk språk på Internett, seier Hoel, som tykkjer det er pinleg for Noreg at Norsk språkråd i dag må ha nettadressa www.sprakrad.no.

Noregs Mållag trur den nye offentlege nettportalen vil bli viktig for nynorsk som internettspråk og eit førebilete for offentlege etatar.
- norge.no har sjølv gått ut med problemet dei har hatt med å få bruka noreg.no, og dei har vist ei offensiv haldning når dei seier at all informasjon skal bli lagt ut både på bokmål og nynorsk. Dette viser kor språkpolitisk viktig det er å leggja statlege IT-funksjonar til område som brukar nynorsk, seier Hoel. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har ansvaret for drifta av norge.no. Ei gransking Norsk språkråd nyleg gjorde, viser at det er på høg tid med ein statleg offensiv på dette feltet. Berre 11% av dokumenta på den statlege nettstaden ODIN er på nynorsk sjølv om minstekravet er 25%.


Pressekontakt: Oddmund L. Hoel, tlf. 97021194, e-post <a href="mailto:oddmund.hoel@nm.no">oddmund.hoel@nm.no</a>.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no