Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Kulturminister Haga: - Nynorsken må styrkjast

 (25.01.2000)

Pressemelding 24. januar 2000.

På vinterseminaret til Noregs Mållag i helga om målreising og sidemål gjekk kulturminister Haga sterkt ut for å forsvare norsk språk. Ho peika på den aukande internasjonaliseringa og påverknaden frå den anglo-amerikanske industrien som fører til at engelsk meir og meir tek over i næringslivet, i forsking, i delar av høgare utdanning, i teknologien og på nettet. Engelsk er viktig å bruke i enkelte samanhengar i ei verd som blir knytt meir og meir saman, men norsk må ikkje bli forvist til kvardagslivet, til venner og familie, sa ho, og slo fast at regjeringa vil arbeide for å halde oppe norsk språk, inkludert nynorsken, på alle funksjonsområde.

Store lovnader om språkleg jamstelling
Noregs Mållag er svært nøgd med løfta om språkleg jamstelling som kulturministeren kom med i sitt først møte med målrørsla. – Den teknologiske utviklinga gir oss enorme mulegheiter, men trugar samstundes med å trengje små språk til sides. Ho kom inn på språkteknologisenteret på Voss som staten har løyvd 25 millionar til. – Regjeringa har lagt til grunn at eit berande prinsipp der må vere å ta vare på og integrere dei to språkformene. Teknologibasert språk og tale blir sjølve prøvesteinen for nynorsken i åra som kjem, men vi kan ikkje gi nynorsken på båten, sa ho, og i talen sin oppmoda ho Mållaget til å halde fana høgt.


Meir nynorsk på nettet
– Nynorsken er sterkt underrepresentert på nettet, sa ho. – Berre 10 % av informasjonen på ODIN er på nynorsk, men snart vil Odin få rammetekstar på nynorsk og ein meny der ein kan velje språk. Noko skjer! understreka ho, og nemnde at i den nyopna norskporten Norge.no legg ein stor vekt på å jamstelle bokmål og nynorsk. Sjølv om KRD no har ei målsetjing på å bruke 50 % nynorsk, var kulturminister Haga ikkje særleg nøgd med at departementa brukar så lite nynorsk i skriva sine, men ho lova i dei nærmaste dagane å ta affære med dei departementa som ikkje gjer jobben sin. – Minstekrava for nynorsken skal bli oppfylt! slo ho fast.


Viktig med sidemål
Haga tok sterkt til orde for å halde på det obligatoriske sidemålet i skulen. – Gjennom kulturpolitikken vil regjeringa arbeide for å auke språktoleransen og byggje vidare på det faktum at vi har ei kulturarv og to levande målformer å ta vare på. Det gjer vi ikkje ved å la ungdom få velje bort sidemålet, slik som Oslo Høgre vil. Det er uvanleg og sjeldan eg siterer VG, men på leiarplass i august i fjor rykte dei ut med eit forsvar for sidemålet etter at Oslo Høgre ville fjerne sidemålet. Ho var òg glad for at Kongen forsvarte sidemålet i intervju med mållagsavisa Norsk Tidend i fjor.


– Mållaget er svært nøgd med å ha fått ein kulturminister med ei så offensiv haldning til målspørsmålet, og vi har høge forventningar til kva regjeringa no gjer for å styrkje nynorsken på dei nemnde områda, seier leiar i Mållaget, Oddmund Hoel.


Pressekontakt: Ann-Elisabeth Ertresvåg, tlf: 22477100, <a href="mailto:ann.ertresvag@nm.no">ann.ertresvag@nm.no</a> eller Oddmund Hoel tlf: 970 21 194, <a href="mailto:oddmund.hoel@nm.no">oddmund.hoel@nm.no</a>

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no