Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Grindheim Mållag oppattskipa

 (18.01.2000)

Pressemelding 18. januar 2000.

Fredag 14. januar vart Grindheim Mållag oppattskipa. Laget har lege ned i nokre år, men arbeidet før skulemålsrøystinga i Byremo vekte målfolket til aktivitet. Leiar i laget er Eli Smedsland. ”Vi kjem til å arbeida for å få att den allmenne røysteretten ved skulemålsørystingar”, seier Smedsland. ”Vi er sjølvsagt svært glade for at vi vann røystinga 19. november, men me tykkjer slett ikkje om vekjinga av demkratiet. Svært mange i bygda tok del i ordskiftet før røystinga, ikkje minst foreldre til ungar under skulepliktig alder – desse fekk ikkje vera med å røysta trass i at vedtaket får store fylgjer for borna deira. Vi er visse på at folket i Grindheim, medrekna dei som soknar til bokmål, stør arbeidet vårt for å få att røysteretten”, seier Smedsland.

Attåt arbeidet med røysteretten kjem laget til å arbeida med målet i barnehagane, skipa bok- og kulturkveldar og sjølvsagt verving.

Ingar Arnøy
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no