Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Styrk skulen - nei til nedskjering!

 (07.12.1999)

Før valet i haust stod dei politiske partia i kø for å tale om storsatsing på skule og utdanning. No bør vi få ein ny kø av folk som krev at politikarane held lovnadene sine. Noregs Mållag oppmodar difor lokallaga sine om å gå saman med lokale lærarorganisasjonar og andre mot nedskjeringane i skulebudsjetta. Skulen er den viktigaste institusjonen for å utvikle og styrkje norsk språk og kultur.
Norske rådmenn gjer framlegg om å leggje ned 57 skular i 33 kommunar til neste år. I tillegg gjer dei framlegg om å leggje ned ungdoms- eller mellomsteget på 11 skular. Dette går fram av ei rundspørjing Norsk Lærarlag har gjort i halvparten av alle kommunane.

I verste fall fører nedskjeringane til at nynorskskular blir nedlagde, og elevane må over på bokmålsskular. Då blir det røysting om skulemålet. Foreldre blir trekte inn i ein målstrid dei ikkje har bede om, og elevane kan bli tvinga til å byte opplæringsmål.

Foreldre, elevar og lærarar slår no ring om skulen og krev meir ressursar til skulen. Alt frå mangel på læremiddel til dårlege læremiddel og overfylte klasserom pregar skulekvardagen for mange. Kortsiktig økonomisk vinning kan ikkje styre skulepolitikken. På lang sikt fører det til dårleg kunnskapsformidling. Difor ber vi politikarane ta opprøret frå foreldre, elevar og lærarar på alvor: Sats på skulen og røyst mot nedskjeringane i kommunestyret!


- - - - - -

For meir kontakt:
Ring leiar Oddmund Hoel på tlf. 97 02 11 04 eller skulemålsskrivar Ingar Arnøy på tlf. 91 64 40 95


Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no