Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsksiger i Vest-Agder

 (22.11.1999)

Fredag 19. november var det røysting om skulemålet på Byremo skule i Audnedal kommune. Nynorsken vann med 44 røyster mot 38 røyster for bokmål. Det var ei blank røyst. Frammøtet var på 92,5 %.

- Me er svært glade for denne sigeren, seier Aslak Fjermedal, leiar i Vest-Agder Mållag. - Det høge frammøtet viser at mange er opptekne av språkbruk og språkutvikling. Det har vore mykje ordskifte i bygda om røystinga, og dette viser at di meir folk diskuterer språk og språkbruk, di meir vinn nynorsken fram. Røystinga i Byremo viser òg at nynorsken er viktig for folk, og at han trengst i striden mot språkleg og kulturell einsretting i Noreg, seier Fjermedal.

For meir informasjon: kontakt Aslak Fjermedal på tlf. <nobr>3796 1707</nobr> eller skulemålsskrivar i Noregs Mållag, Ingar Arnøy, på tlf. <nobr>916 44 095</nobr>.

Ingar Arnøy
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no