Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Misvisande frå NRK P2

 (11.11.1999)

- Noregs Mållag har mista 500 medlemer sidan landsmøtet, vart det hevda i Kulturnytt på NRK P2 10. november i eit oppslag som såg den påståtte medlemsnedgangen i samanheng med leiarstriden i år. Tala fortel noko heilt anna. 7 har meldt seg ut og 5 inn med landsmøtet som grunngjeving. Bakgrunnen for oppslaget var skipinga av den nye målorganisasjonen Nynorsklaget.

Bak Nynorsklaget står tidlegare leiar i Noregs Mållag Liv Ingebrigtsen og Kine Hellebust. Den nye organisasjonen skal arbeida for nynorsk i skulen og kulturlivet og vart framstilt som ein konkurrent til Noregs Mållag og som ein reaksjon på at Noregs Mållag gjer ein for dårleg jobb på desse felta. Roger Lockertsen og leiar i Trønderlaget Marta Østerås Falch er med på initiativet. Falch sa i intervjuet med Kulturnytt at laget ikkje er meint som ein konkurrent til mållaget.

Den nye organisasjonen har vore kjend sidan 9. oktober då Ingebrigtsen kunngjorde nyhendet på 100-årsfesten til Vefsn Mållag. Ingebrigtsen sa den gongen til Helgeland Arbeiderblad at organisasjonen kjem som ein reaksjon etter landsmøtet, men at ho ikkje hadde tenkt å melda seg ut av Noregs Mållag. Nynorsklaget skal ikkje vera ein vanleg medlemsorganisasjon, men eit andelslag, og Ingebrigtsen presiserer i Aftenposten 11/10 at Nynorsklaget skal fylla ein annan rolle enn Noregs Mållag og ikkje vera nokon konkurrent.

- Eg ser ikkje Nynorsklaget som nokon konkurrent til Noregs Mållag. Kvar og ein i målflokken lyt arbeida på den måten dei tykkjer dei får mest att for, og det finst alt mange organisasjonar i målrørsla, seier leiar i Noregs Mållag Oddmund Hoel, som ynskjer Ingebrigtsen og Hellebust lukke til. Han kan likevel ikkje sjå at det er grunnlag for kritikken deira mot Noregs Mållag. - Kritikken er for lite konkret til at det mogleg å ta stilling til han, og som før er skulemålet det arbeidsfeltet som det vert brukt klårt mest ressursar på. Arbeidsmåtane er dei som i lang tid har vist seg å vera dei mest effektive, seier Hoel. Han vonar likevel at personane bak Nynorsklaget kan finna arbeidsmåtar som er meir effektive enn dei mållaget brukar i dag, og som òg vart brukte då dei same personane sat i leiinga i Noregs Mållag.

Medlemstalet stabilt
I oppslaget vart det hevda at Noregs Mållag slit i motbakke og har mista 500 medlemer sidan landsmøtet i sumar, og at Noregs Mållag for fyrste gong har under 10.000 medlemer. Kulturnytt opplyser at journalisten deira på saka, Albert Collett, medlem i Mediemållaget, byggjer på referatet frå styremøtet 22. oktober. Styrereferata blir sende til styremedlemene, valnemnda og fylkesleiarane.

Referatet seier dette:
"Hittil i år har 9865 medlemer betalt kontingenten. Til saman var det 10852 som betalte i fjor. Det vil seia at det vantar 1000 innbetalingar for å nå same resultat som i 1998. Vi må truleg rekna med å gå ned noko. Rot rundt medlemsregistret i år er hovudgrunnen til dette. Politisk uro og forseinking av purring kan og ha verka inn, men vi bør likevel nå 10500 medlemer. Så lågt medlemstal har vi ikkje hatt før. Vi har ikkje hatt under 10800 medlemer dei siste seks åra. Til no i år er det verva 569 nye medlemer, 513 er utmelde og 126 er avlidne. 79 har vi fått i retur og manglar adresse på. 213 av dei nye er verva i Aksjon 2000."

I 1998 var det ein verveaksjon i fyrste halvår, noko det ikkje har vore i 1999, og på grunn av problema med det nye registeret vart purringa i 1999 sendt ut eit halvt år seinare enn året før. Likevel er ikkje talet på utmelde større i 1999 enn på same tidspunkt i 1998, og tala gjeld for heile året, ikkje tida etter landsmøtet. Den 10. november ser det både ut til at det vert verva fleire i 1999 enn i 1998, og at så mange betaler siste purring at medlemstalet totalt når fjoråret. Sju medlemer har meldt seg ut på grunn av leiarvalet.

- Dette tyder på at overslaget vårt frå oktober heldigvis var for pessimistisk, seier Hoel, som seier seg lei for at tala i referatet vart misbrukte til å skapa eit negativt og misvisande totalinntrykk av organisasjonen. I det intervjuet med Hoel som Kulturnytt sende 10/11 kl 16, var den delen som handla om den påståtte medlemsnedgangen klypt vekk. Hoel legg til at styret etter dette får byrja å skriva referata sine med tanke på at dei òg skal kunna brukast som pressemeldingar av mottakarar som er interesserte i å skapa blest om Noregs Mållag.

Vidar Lund
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no