Noregs Mållag på nett
(05.11.1999)
Pressemelding frå Noregs Mållag 1. november 1999.
Noregs Mållag er ein organisasjon for nynorskbrukarar i heile landet og har endeleg kome på nett med nye sider. Dei ligg på http://www.nm.no/.
Noregs Mållag, som har 13000 medlemer kring om i landet, har ei stor utfordring når det gjeld å få informasjon om sakene ut i organisasjonen og til andre.
Dei nye sidene vil verta brukte aktivt til medlemsinformasjon, og medlemer og andre har høve til å ordskiftast om målsak på ordskiftesidene.
Internett er midt i blinken for ein organisasjon som NM, men framleis er det ei stor utfordring i høve til korleis ein skal nytta mediet, og ikkje minst organisera informasjonen slik at han vert tilgjengeleg på best mogleg vis.
Noregs Mållag har vald Horisont Webdesk som publiseringsverkty for internettsidene sine på grunn av det enkle grensesnittet kombinert med fridomen i den dynamiske oppbygnaden. For ein landsomfemnande organisasjon er det ikkje minst viktig å ha tilgang til publiseringsverktyet overalt i landet.
For meir informasjon: kontakt organisasjonskonsulent Vidar Lund, tlf. 22 47 71 00, e-post <a href="mailto:vidar.lund@nm.no">vidar.lund@nm.no</a>.
|
|