Noregs Mållag vil halde på godkjenningsordninga for lærebøker
(01.11.1999)
Pressemelding frå Noregs Mållag 25. oktober 1999
- Skal kvaliteten på nynorskbøkene vere god, må dei godkjennast av ein ekstern instans, seier Oddmund L. Hoel, leiar i Noregs Mållag. – Det er ei kjensgjerning at kvaliteten på nynorskmanusa ofte er dårleg, og det er tydeleg at det trengst nokon som kvalitessikrar før bøkene slepp ut på marknaden, understrekar Hoel.
Noregs Mållag har i mange år arbeidd for at lærebøker og andre læremiddel skal kome til same tid og til same pris på nynorsk og bokmål. Mållaget ser dette prinsippet som truga dersom godkjenningsordninga fell vekk.
- I dag er det eit vilkår for godkjenning at læreboka ligg føre på båe målformene. Fell dette vilkåret vekk, vil truleg forlaga sende ut bokmålsbøkene når dei er ferdige og ikkje vente til nynorskutgåva er ferdig, seier Hoel.
For meir informasjon: ring Oddmund L. Hoel på 970 211 94 eller Noregs Mållag på 22 47 71 00.
|
|