Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Statsbudsjett utan nynorsk

 (28.10.1999)

Pressemelding 4. oktober 1999

Noregs Mållag er jamt over nøgd med tilskota til nynorskinstitusjonane i Regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett for år 2000. Det er likevel med stor undring vi leitar og ikkje kan finne ein einaste stad der Regjeringa kjenner trong til å rydde opp i den manglande nynorskbruken i statsapparatet.

Mållovsmeldinga, som kom i 1998, påviste at storparten av statsapparatet ignorerer det faktumet at vi har to offisielle mål her i landet, dette gjeld og Nasjonalt læremiddelsenter, som skal sikre nynorske læremiddel til skuleelevane våre.

Difor meinte alle partia – unnateke Frp – at tilsynet med lova skulle skjerpast. Dette ville stortingsfolka gjere ved å styrke tilsynsfunksjonen til Norsk språkråd og sørgje for språkopplæring mellom statstilsette. Tre millionar tenkte dei seg til oppfølging av mållova og etablering av eit eige språkteknologisenter. Det vart ein million og berre teknologi.

Dette er det andre statsbudsjettet etter at representantane ba om innskjerping av målbruken. For andre år på rad, finn dei ikkje eit ord – langt mindre ei krone. Noregs Mållag ber no Stortinget sjå til at staten erkjenner at vi er tospråklege her i landet, og at den statlege oppgåva er å sikre at både bokmål og nynorsk står seg mot presset frå den internasjonaliseringa, digitaliseringa og einsrettinga som dei sjølve peiker på i proposisjonen.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no