MISLUKKA UTSPEL FRÅ OSLO HØGRE
(02.09.1999)
Pressemelding frå Noregs Mållag 1. september 1999
- Det mislukka utspelet frå Fritz Huitfeldt og Grete Horntvedt syner at motstanden mot sidemål og nynorsk ikkje har vind i segla, seier leiar Oddmund Løkensgard Hoel i Noregs Mållag.
Avisa VG gjekk på leiarplass tysdag hardt ut mot Oslo Høgre. Partiet hevda måndag at byrådet vil be bystyret om å søkja om fritak frå den obligatoriske opplæringa i sidemål i grunnskulen og den vidaregåande skulen i Oslo. Noregs Mållag er overraska over at det tidlegare kunnskapspartiet Høgre vil avskaffa ein disiplin i skulen med den grunngjevinga at elevane oppfattar undervisninga som "tungrodd og unyttig".
- Sidemålsmålsopplæringa er viktig for å gje alle elevar i Noreg ei innføring i heile språkarven vår. Ein verkeleg valfridom mellom nynorsk og bokmål er berre mogleg dersom elevane får opplæring i båe språka, seier Hoel, som i staden etterlyser ei engasjement for å gjera undervisninga betre og meir interessant.
|
|