Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 Internasjonal konferanse i Bergen 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Slutt med sytinga!

 (11.01.2006)

Lesarbrev frå Norsk Målungdom. 11.01.06. Frå tid til anna får me høyra kor sytete nynorskfolk er. Ikkje nok med at me vil ha svar på nynorsk når me skriv på nynorsk til det offentlege, nei, me krev òg pengar til tiltak som nynorsk leksikon og parallellutgåver av lærebøker, skriv Synnøve Myking og Marit Ims i lesarbrev frå Norsk Målungdom.

Dessutan vil me at alle elevar som skal få studiekompetanse må læra seg å skriva dette pengesluket av eit språk. Ikkje nok med at me sløsar med bokmålsbrukarane sine surt opptente skattepengar (sidan nynorskfolk som kjend ikkje bidreg til samfunnet). Sidemålsundervisinga tek verdfull tid, som kunne vore brukt på matematikk, framandspråk, kroppsøving, nynorsk litteraturhistorie og ikkje minst norsk hovudmål – eller bokmål, sidan dette tydelegvis er det same. Tenk så mykje ein kunne lært på dei seks skuletimane ein vanleg norsklærar brukar på sidemål gjennom eit vanleg skuleår!

Men lat oss sjå litt nærare på saka. Kven er det eigentleg som syt?
Ein vanleg bokmålsbrukar kan gå gjennom livet utan å støyta på nemneverdig mykje nynorsk. Det same kan ein vanleg nynorskbrukar. Me les aviser (VG og Dagbladet) som er kjemisk frie frå nynorsk, me vert bomba med reklame der språket er bokmål eller engelsk (evt. med «artige» innslag av dialekt), og når me går på kino er det 100 % sjanse for at filmen er teksta på bokmål.
Ein av dei få stadene me møter nynorsk, er på skulen. Bokmålselevar får nokre få timar med (som regel keisam) undervising. Nynorskelevar får lærebøker som kjem tre veker etter skulestart, eksamen på bokmål og lærarar som indirekte oppmodar dei til å byta hovudmål, for då får dei det lettare i livet. Det er det vanskeleg å seia noko på, når sjølv det offentlege, som visstnok er det som held nynorsken «kunstig i live», gjev blaffen i alt som heiter mållov og ikkje vil løyva eigne middel til parallellutgåver av lærebøker.

Så kven har eigentleg noko å klaga over: Bokmålsbrukaren som vert utsett for nynorsk nokre gonger i løpet av skuletida og i «Med hjartet på rette staden»? Eller nynorskbrukaren som vert påtvinga bokmål overalt der ho går, ikkje berre i media og reklame, men sjølv frå det offentlege, til dømes når ho etter å ha klaga tre gonger framleis ikkje får sjølvmeldinga på nynorsk?
Me vil ha den plassen me har krav på, og som vert nekta oss! Det er ikkje syting, det er kamp. Syting er når ein ikkje har noko å kjempa for, men er misnøgd med at det finst andre med ulik ståstad enn ein sjølv. Lær dykk skilnaden, bokmålingar!

Synnøve Midtbø Myking og Margit Ims
Norsk Målungdom

Norsk Målungdom
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no