Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 Internasjonal konferanse i Bergen 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

100 år sidan Maalmannsstemne

 (10.01.2006)

Melding. 10.01.06. I morgon er det hundre år sidan Klaus Sletten sin artikkel stod i Den 17de Mai. Det var det fyrste offentlege initiativet til ei målmannsstemne som skulle forma ut krav til dei politiske partia. Skiping av eit landslag nemner han ikkje, men gjennomgangstonen er eit oppgjer med dei som står for den ‘naturlege voksteren‘ og dermed både er imot politisk målarbeid og organisering. Klaus Sletten (1877-1946) frå Lindås var på dette tidspunktet både formann i Norigs ungdomslag og styrar for Norsk maalkontor (skipa 1900) attåt formannsvervet i Bondeungdomslaget i Oslo, det største lokallaget i ungdoms- og målrørsla.

Paa den fyrste landsstemna i Bergen gjorde K. Bing framlegg um at det skulde haldast slike stemnur tridje kvart aar. So kunde maalmennerne raadleggja um arbeidsmaal og arbeidsvegar, og staa samstelte naar eit krav vart reist. Og av landsstemnune kunde ein samskipnad veksa.
Men K. Bing fekk ikkje medhald. Daa som no var maalmennerne uhuga paa alt som samskipnad kan nemnast. Og dei som sidan hev slege frampaa um dette, hev altid vorte som ei røyst i øydemarki.
Det er ei gamal trudomssetning at einast den frie og naturlege framvokstren, den som gjer seg sjølv, kan hjelpa maalsaki. Difor maa ein ikkje brjota den riksmagt som held dansken uppe her i landet og stengjer landsmaalet ute. Difor er det og ei tvangsraad som aldri skulde vore freista, at dei etter lovi skal læra aa lesa landsmaal i alle skular. Ei lukke for den lovpriste frie framvokstren er det daa at denne lovi hev sove i 13 aar.
Verst av alt er det aa setja nye krav til styresmagterne eller til dei som maalmenn skal heita. Daa vert det ”brand i rosernes leir”. Og dei varlaatne tel ifraa og døyver ned alt rop som vil stiga fraa dei urøynde og braafuse. For større ros kan ikkje ein maalmann faa en den, at han av berre bljugskap læt det baanet døy som han skulde varda og vakta.
Her er den steinen paa brui som gjer oss større mein en alt rixmaalsstrævet. Me maa ikkje reisa noko krav og samla oss um det. Det vilde vera eit brot paa den maalmanns-tradition som kvar av oss skal hava religiøs vyrdnad for. Me maa ikkje taka noko av romantiken burt fraa maalsaki. Me maa framfor alt ikkje føra ho inn i dagsens strid og segja: her er den saki som avgjer mi stemneleid.
Eg vil ikkje lasta dei som hev bore paa ein romantisk kjærleik til landsmaalet i dei lange aar daa medvitande maalmenn var sjeldsynte. Dei maa faa lov til aa glida fram paa den djuplogne straumen og dyrka sine heilage minne fraa gamle dagar. Ære vere alle dei trugne, um dei ikkje til stridsmenn vart fødde.
Men me stend i eit nationalt tidsskifte. Det skal me nytta. Og so lyt me faa lov til aa gaa paa der nye vegar opna seg. Kan ikkje alle dei stillfarande og varlaatne fylgja, so fær dei trøysta seg med, at burt fraa det gamle grunnlaget vil ingen vika.

*

Det er austlandsarbeidarane som no vekkjer oss so uventa. Dei hev kjent at ein framstigsflokk som skal vinna noko paa lengdi lyt staa paa fullnorsk grunn. So tek dei stiget heilt ut og gjer maalreisingi til det store og samlande nationale fyremaal. Og ”Dagbladet” vert ottefullt og tel maalmennerne til aa ”udforme praktiske forslag til fremme af sagen”. Det kjenner det paa seg, at ”vinstre” ikkje kan lata ”demokratane” vera aaleine um denne programsaki.
Skulde so ikkje maalmennerne kjenna si kallstid og nytta den magt dei no hev til aa setja sine krav og faa kravi godkjende av dei politiske parti? Skal me reindyrka det varlaatne maalmannsvæsen og halda oss fornæmt ifraa den nationale arbeidarflokken og seia: det var ingen som bad deg draga maalsaki inn i valstriden? Me kunde koma til aa trega paa at me ikkje nyttar den kans[?] som byd seg.
Men daa maa det vera sjølvgjeve at maalmennerne ikkje kan ganga som einstødingar kvar for seg, ein i aust og hin i vest. Me kan ikkje faa uppatt det som hende i den siste maalstriden, at dei fremste fyretalsmennerne vaare vitna imot kvarandre. Me kan heller ikkje faa uppatt det som fyrr hev hendt, at maalmenn i tinget gjorde framlegg som dei utanfor talde ifraa av all magt.
Me maa vita kva me vil, og me skal staa saman som ein mann naar saklista er uppsett. Difor trengst det ei raadleggjing av maalmenn fraa alle landsluter. Berre ei landsstemne hev rett til aa peika ut dei fyremaali som tingmannsemni skal binda seg til aa fremja, um dei vil at maalmennerne skal røysta paa dei.
No er det so mange maallag kring i landet at det ingen vande skulde vera aa faa valt utsendingar. Og tok ein stemna dagane framfyre vinstrelandsmøtet (høgre skal hava møte samstundes segjer dei, og det vilde høva framifraa), so maatte det etter maaten vera lett aa faa ei samling av dei fremste maalmenn i bygd og by.
Avhaldsmennerne hev vore fyre vare. Dei hev halde sitt landsting, og dei hev ikkje tenkt aa leggja seg paa latsida.
Skal so ikkje me maalmenn freista aa rugga ut or hiet og tenkja paa at no er den nye arbeidsdagen komen for oss. Og den skal me nytta ”med magt og midler og med midler og magt”.
Ei maalmannsstemne er det fyrste. Og snart maa ho koma.


Klaus Sletten
Den 17de Mai, 11. januar 1906

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no