Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 Internasjonal konferanse i Bergen 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Dobbelt mållagsjubileum i Jostedalen

 (29.01.2006)

Sundag 29. januar feirar Luster Mållag at det er 100 år sidan Noregs Mållag og Jostedal Mållag vart skipa. Festtalar er Jan Olav Fretland, fyrsteamanuensis i norsk på Høgskulen i Sogn og Fjordane og tidlegare leiar både i Norsk språkråd og Noregs Mållag.

Han vil konsentrere seg om utfordringane som nynorsk og norsk språk i det heile står overfor den komande tida, men vil òg ha eit sideblikk på målreisinga dei siste hundre åra. Det blir elles tradisjonsmusikk med Helene Myklemyr Bolstad, diktlesing og nokre historiske glimt. Rømmegraut og spekemat vankar det òg.

Noregs Mållag kom i stand på eit stort målstemne i Oslo natta mellom 4. og 5. februar 1906, og tilstellinga i Luster Mållag er ein del av den nasjonale jubileumsfeiringa.

Den 10. november 1906 vart Jostedal Mållag skipa som det fyrste mållaget i nye Luster kommune. Det skjedde på den tida nynorsk var på full fart inn i bygdene i Jostedalen, Luster og Hafslo. Jostedal Mållag var i drift 1906-10 og 1927-38 og vart freista oppattskipa i 1953 og 1981. I Luster og Hafslo var det truleg aldri mållag, så der gjorde ungdomslag og lærarar arbeidet med å få inn nynorsken som så mange andre stader. Det nolevande mållaget i Luster vart skipa i desember 2000.

Kontaktpersonar:

Festtalar Jan Olav Fretland, jan.fretland@hisf.no, tlf 415 16 766

Leiar i Luster Mållag, Oddmund L. Hoel, oddmund@krundalen.no, tlf 57 68 66 18, 970 21 194

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no