Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 Internasjonal konferanse i Bergen 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsk gullkorn på frimerke

 (26.01.2006)

Noregs Mållag er 100 år. I samband med dette gjev Posten ut eit nytt frimerke. Gullkornet på frimerket ”Tanke og draum er himmelske køyrety” er eit sitat av lyrikaren Olav H. Hauge.


Frimerket har ein verdi på seks kroner, og vert lagt ut for sal 3. februar. Frimerket er blått med ein komet i bakgrunnen.

- Noregs Mållag tykkjer at det å få eit eige frimerke er ein flott måte å feire 100-årsjubileum på. Frimerket er med på å gjere nynorsken og Mållaget synleg over heile landet, seier Gro Morken Endresen, dagleg leiar i Noregs Mållag.

Det er Stian Hole som har formgjeve frimerket. Hole arbeider som formgjevar og har vunne fleire prisar for ”Årets vakraste bøker”.

Noregs Mållag har i 100 år arbeidd for utbreiinga av nynorsk som bruksmål i Noreg og for rettane til nynorskbrukarar. Mållaget er den fremste organisasjonen for 600.000 nynorskbrukarar i Noreg. Det var Ivar Aasen som byrja kampen for nynorsk. Han samla inn og systematiserte norske dialektar, og utifrå dette skriftfesta han språket.

Det fyrste norske frimerket med namneforma Noreg kom ut i 1951, til 100-årsminnet for Arne Garborgs fødsel.

For meir informasjon frå Posten, kontakt:
- Informasjonssjef Merete Jebsen, tlf.: 932 56 552
- Postens døgnopne pressetelefon: 23 14 80 00
- Sjå også www.posten.no

For meir informasjon frå Noregs Mållag:
- Dagleg leiar i Noregs Mållag, Gro Morken Endresen, tlf 23 00 29 37 eller 957 85 560

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no