Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 Internasjonal konferanse i Bergen 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Mottaking for Noregs Mållag

 (01.02.2006)

Pressemelding frå Noregs Mållag. Fredag 3. februar klokka 17 – 19 er det offisiell mottaking for Noregs Mållag i samband med 100-årsjubileet. Mottakinga finn stad på Det Norske Teatret i Oslo. H. M. Kong Harald og H. K. H. kronprins Haakon vil vere til stades saman med statsrådar, representantar frå Stortinget, kunstnarar og kulturfolk og andre inviterte gjester.

Forfattar Olaug Nilssen held tale, kulturminister Trond Giske helsar, medan forfattar Jon Fosse og musikarane Karl Seglem og Håkon Høgemo les og spelar. Festvertar er Aasmund Nordstoga og Yasmin Syed.

Mellom andre har desse meldt å takke ja til å kome: statsråd Heidi Grande Røys, stortingsrepresentantane May-Helen Molvær Grimstad, Trine Skei Grande, Ågot Valle, Odd Einar Dørum, forlagssjef William Nygaard, forfattarane Rønnaug Kleiva, Edvard Hoem, Britt Bildøen og dessutan Knut Olav Åmås, Kåre Valebrok, Gudleiv Forr og Valgerd Svarstad Haugland.


Praktisk informasjon til pressa:
H. M. Kong Harald og H. K. H. kronprins Haakon kjem klokka 17.00 – presis. Dei andre gjestene er bedne inn til klokka 16.30. Pressekorpset bør også møte klokka 16.30. Det vil vere høve til å få bilete av dei konglege og gjestene i det dei kjem til Det Norske Teatret. Pressa er hjarteleg velkomen til å vere til stades under første del av programmet (fotografering fram til servering av maten om lag klokka 17.40) – de vil bli tilvist eigne plassar.

Vi ber om å få melding om kven som kjem for å dekke mottakinga!

Ring Hege Lothe, informasjonskonsulent i Noregs Mållag, 23 00 29 32 eller 926 48 348 (m) eller send e-post hege.lothe@nm.no eller les meir hjå www.nm.no


Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no