Flott opning av hundreårsjubileet!
(04.02.2006)
I går var det ei flott og verdig opning av jubileet til Noregs Mållag. Både Kongen og Kronprinsen var til stades på mottakinga på Det Norske Teatret. Dessutan stilte eit breitt pressekorps opp for å dekke opninga av jubileet. Kongen nytta høve til å fortelje at han gjerne les nynorsk i avisen og at han, som alle andre, tek utgangspunkt i at det er to offsielle skriftspråk i Noreg.
Kulturminister Trond Giske var stålande opplagt og gledde seg over at Noregs Mållag har blitt 100 år. I tala si la han vekt på at han var for positive sidemålsforsøk, og mot forsøk som går ut på «hvor mye nynorsk lærer man dersom man ikke lærer nynorsk»! Han fekk spontan applaus frå salen.
Forfattar Olaug Nilssen held festtalen. Ho sa mellom anna dette: "Den første fordommen mot mållagsfolk, er altså at dei er sinte, sure og bitre, og denne fordommen er det stort sett andre nynorskfolk som har. Bokmålsfolk flest trur at alle nynorskfolk er sinte, sure og bitre, men vanlege nynorskfolk veit betre: Det er mållagsfolka som er sinte, sure og bitre, vi vanlege nynorskfolk er nemleg svært avslappa. Vi er avslappa i høve til det aller meste, og særleg når det gjeld nynorsk. Vi får jo alltids brukt nynorsken vår, fortel vi alle vi kjenner, og det held for oss, det. Vi er dermed ikkje av dei som lagar bråk når eksamenen på universitetet er skriven på dårleg nynorsk." Resten av tala kan du lese hjå Dag og Tid.
Mottakinga varte i to timar. Då var det både musikk og fleire helsingar. Etter mottakinga gjekk folk over gata og hadde det kjekt på bibliotekbaren på Bristol.
|
|