Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 Internasjonal konferanse i Bergen 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorskjubilant helsar det samiske folket

 (05.02.2006)

Pressemelding frå Noregs Mållag. Noregs Mållag, samla til hundreårsjubileum, ynskjer Sametinget og det samiske folket til lukke med nasjonaldagen 6. februar.

Noregs Mållag forsvarer prinsipielt retten til å bruka sitt eige språk, hevda sin eigen kultur og å skapa si eiga framtid. Noregs Mållag er difor svært glad for den auka forståinga og framgangen samefolket har oppnådd for samisk språk, kultur og sjølvhevding.

Nynorskorganisasjonane og dei samiske organisasjonane er båe ein del av ei brei internasjonal rørsle med tusenvis av organisasjonar og institusjonar som kjempar mot språkleg og kulturell einsretting. I det neste hundreåret vil eitt spørsmål i stadig større grad oppta språkforskarar, kulturaktivistar og globaliseringskritikarar verda over: Korleis kan vi berga det språklege mangfaldet for etterkomarane våre.

Overfor desse utfordringane vonar Noregs Mållag på vidare samarbeid med dei samiske organisasjonane, Sametinget og det samiske folk.


For meir informasjon: Gro Morken Endresen, dagleg leiar i Noregs Mållag, 95 78 55 60 (m)

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no