- Til lukke, HiA!
(09.02.2006)
- At den fyrste doktorgradsavhandlinga på HiA er på nynorsk, ser me på som særs gledeleg, seier Silje Dregelid, leiar i Kristiansand Studentmållag.
- Dette er eit viktig signal om at nynorsk er eit fullgodt akademisk språk. Me ynskjer både Rune Røsstad og Høgskolen i Agder til lukke. I tillegg er det flott at Røsstad tek for seg sørlandsdialektar og talemålsendingar, som er eit viktig felt kor me treng meir kunnskap. At det vert auka fokus på dialektane på Agder er positivt.
Søgningen Rune Røsstad er den fyrste til å leggja fram ein doktorgrad ved Høgskolen i Agder. Laurdag 11. februar disputerer han over emnet talemålsendringar i Kristiansandsområdet. Dette emnet har vore i fokus den siste tida, ikkje minst på grunn av "Jorunn-effekten".
For meir informasjon: Kontakt Silje Dregelid, leiar i Kristiansand Studentmållag, telefon 971 69 510.
|
|