Pressemelding for Noregs Mållag. Noregs Mållag feirar hundre år og inviterer til ein landsfemnande skrivekonkurranse. Denne veka har alle elevar i ungdomsskule og i vidaregåande skule fått invitasjon til å vere med.
– Alle elevar får opplæring i nynorsk. Difor er Noregs Mållag opptekne av at elevane får eit positivt møte med nynorsken i klasserommet, seier nestleiar i mållaget Eli Bjørhusdal
Tema for teksten skal vere «Språket mitt». Teksten kan skrivast på dialekt eller nynorsk, sjanger vel eleven sjølv. Det vil bli kåra ein vinnartekst frå ungdomsskulen og ein frå vidaregåande skule. I tillegg vert det gjeve 2. og 3. premie. Vinnarane kan vinne ein berbar PC levert av ABC Startsiden, 2. premie er eit digitalkamera frå Eurofoto og 3. premie er vevkamera med hovudtelefonar og mikrofon frå Komplett Data. Vinnarane vert inviterte til premieutdeling på Dei Nynorske Festspela i Volda og Ørsta 21. til 25. juli 2006.
I samarbeid med startsida.no og Språkrådet vert det og halde nettmøte på Startsida.no der ein kan få hjelp til skriving og rettskriving.
I juryen sit: Dagbladjournalist og kommentator Gudleiv Forr, professor ved NTNU Torlaug Løkensgard Hoel og student og skribent Gudrun Kløve Juuhl.
For meir informasjon kontakt:
Eli Bjørhusdal, nestleiar i Noregs Mållag tlf: 951 65 510
Gro Morken Endresen, dagleg leiar i Noregs Mållag tlf: 957 85 560 / 23 00 29 37
Bilete av Eli Bjørhusdal og Gro Morken Endresen
Les meir hjå www.startsida.no
Har du spørsmål til skrivetevlinga? Skriv til skrivetevling@nm.no
Her kan du lese eller laste ned informasjonsbrevet til lærarne: infobrev
Her kan du lese eller laste ned flygebladet til elevane: flygeblad
Her kan du sjå eller laste ned plakaten: Plakat