Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 Internasjonal konferanse i Bergen 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Festkveld i Førde markerer dobbeltjubileum

 (20.02.2006)

Førde Mållag feirer seg sjølv i Førdehuset, 22. mars klokka 1830. Førde Mållag vart skipa i mars 1931 og feirer først og fremst sine eigne første 75 år, men tek hundreåringen, Noregs Mållag, med på lasset i den lokale feiringa.

Nokre av bygdene i Førde var tidleg ute i målreisingsstriden. ”Nedre Angedalens ungdomslag” hadde mange troll å takaste med, heiter det i Målreisingssoga for Sogn og Fjordane, og målsaka var berre ei av mange saker i ei kamptid.

Bokmålet stod sterkt mellom embetsmennene og kjøpmennene i Førde, og først i 1930-åra stod målslaget for alvor i Førde sentrum. ”Det var Førde mållag som samla kreftene til åtaket”, skriv Anders A. Lothe, og det er naturleg å tru at eldsjelene fann tid til den formelle skipinga av laget i mars 1931, ein eller annan gong midt mellom ”fyrste gong møteboki i skulestyret vart ført på nynorsk 1. mai 1925” av kyrkjesongar Samuel Sandnes og siste gongen prost Hope ”førde møteboki og nytta bokmål” 23. februar 1934.

Anne Johanne Kvale held festtalen denne kvelden. Ho kjende eldsjelene i skipinga av mållaget, Samuel Sandnes, Ludvig Botnen og Kristian Ulltang, og ho er sjølv fødd og oppvaksen i Angedalen.

For sunnfjordingar er det kanskje ei større hending at det er 100 år sidan Jakob Sande vart fødd, enn at Noregs Mållag vart skipa. Dette markerer vi ved at sentrale medlemer i visegruppa Jubelhornet opptrer med songar av Sande (Jørgen Alisøy, Edvin Helgheim og Andreas Ramstad. Ove Eide, forfattar av ny biografi om Jakob Sande, er også invitert.

Lokalhistorikar Rannveig Tveit Kirkebø ser atterover på soga vår, og Eli Bjørhusdal, nestleiar i Noregs Mållag, tek turen frå Jostedalen for å helse frå Noregs Mållag. Ordførar Nils Gjerland rundar av kvelden med temaet ”Byen og målet”.

Kontaktpersonar:
Øyvind Glosvik, tlf 57 67 26 41 / 99258798 oyvind.glosvik@enivest.net

Anna Skadal Jonstad. tlf. 47751636 ajonstad@start.no

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no