Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 Internasjonal konferanse i Bergen 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Einar Ådland er nyvald leiar i Hordaland Mållag

 (21.02.2006)

Einar Ådland frå Askøy er vald til leiar i Hordaland Mållag etter Nils Moldøen, som hadde sagt frå seg attval. På årsmøtet i Bergen nyleg vart det vedteke eit arbeidsprogram, der eitt av punkta er synleggjering av nynorsken mellom anna i media, næringsliv og skuleverk.

- Eg vil gjerne slå eit slag for meir bruk av nynorsk i marknadsføring. Det er underleg at ikkje fleire reklamefolk for lenge sidan har sett at nynorsk har mange kvalitetar nettopp på dette feltet. I ei tid då me blir overfløymde og einsidig påverka av reklame på bokmål, ville nynorsken koma inn som eit friskt, klangrikt og nytt innslag. Både i trykte media, og i fjernsyns- og kinoreklamen ville dei nynorske tekstene bli lagde merke til og etter alle solemerke fremja salet, seier Einar Ådland.

- Dei store daglegvarekjedene og andre har her ei utfordring. I Hordaland er butikkjeda Drageset Super Spar AS eit framifrå døme på at det let seg gjera å nytta nynorsk med godt resultat i næringslivet.
Når det gjeld presse og kringkasting i Hordaland peikar den nye mållagsleiaren på mykje positivt: Både NRK Hordaland, TV2 og Kystradioen brukar gledeleg mykje nynorsk og dialekt. Storparten av lokalavisene i fylket skriv alt eller det meste av stoffet på nynorsk, og dette er avgjerande for den sterke stillinga dette språket har i dei aller fleste kommunane i Hordaland. I Dagen har der støtt vore, og er framleis, etter måten mykje nynorsk i spaltene.

- Målfolk over heile landet er glade for at nynorsken blir så allsidig brukt i Bergens Tidende, jamvel om det burde ha vore meir av dette språket i bladet, for å spegla av målstoda i Hordaland og Sogn og Fjordane. Men eg har registrert at dei faste medarbeidarane i lokalavisene Askøyværingen og Fanaposten – der BT er eigar- brukar lite eller ikkje nynorsk. Det er òg trist å vera vitne til at Bergensavisen etter alt å døma ser heilt bort frå nynorsk som redaksjonelt språk. I alle dei tre sistnemnde avisene sin lesarkrins er der nynorskbrukarar. Det ville vera både rimeleg og naturleg at desse får lesa ein del av stoffet på sitt mål, seier Einar Ådland.

Årsmøtet valde elles desse til styret: Astrid Olsen, Bergen, Arne Apold, Bergen, Solveig Grønlien, Odda og Rannveig Bjørkum, Meland. Vara: Karstein Bjørge, Sotra, Eli Randmo, Bergen, Karin Monstad, Radøy og Jon Askeland, Radøy. Skulemålsnemnd: Oddvar Skre, Bergen (leiar), Inger Tangedal, Askøy og Bente Moseng, Bergen.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no