Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 Internasjonal konferanse i Bergen 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Takk, Ivar Aasen - til åtak! Seminar for nynorskskrivande juristar

 (24.02.2006)

Leiar i Juristmållaget, Gunnar O. Hæreid, har teke Juristmållaget med på seminar på Finse. Les om korleis dette gjekk til, i referatet åt Rolf Lynum Bjerkem.

Jusstudentar som skriv nynorsk. Finst det? Jau, då. Sjølvsagt!
Helga 20. – 22. januar var det duka for Juristmållaget sitt årlege seminar for nynorskskrivande juristar på Ustaoset hotell, ikkje langt frå Geilo. Fleirtalet var studentar, men også nokre ferdige juristar var med. Fordelinga var jamn mellom Oslo og Bergen, men også Tromsø var representert.

Dei tjue deltakarane fekk med seg eit tettpakka program, med bidrag frå høgsterettsdommar Karl Arne Utgård, professor dr. juris Ola Mestad (UiO), advokat Bente La Force (KLUGE), rådgjevar Jarand Felland (Olje- og energidepartementet) og advokat Gunnar Hæreid (Regjeringsadvokaten). På programmet sto føredrag om bruk av nynorsk på det juridiske fagfeltet, gjennomgang av kursdeltakarane sine eigne tekstar og omsetjing av fagtermar til nynorsk. Visste du til dømes at ein kan skriva ”kverrsetja”, ”fråveredom” og ”rettferdsvederlag” på nynorsk i staden for ”beslaglegge”, ”uteblivelsesdom” og ”billighetserstatning”? Vidare var Mestad sin leksjon i disponering av eksamenssvar kjærkomen for mange – spesielt for dei kvalitetsreformerte bergensstudentane som skulle på eksamensbenken allereie neste veke.

Kvelden gjekk med til aktivitetar av alt anna enn fagleg art. Eg trur ikkje eg skal gå i detalj her, men eitt av inntrykka er at sjeldan har det vore sunge så mange songar, så lenge, og så høgt. Nokre av oss hadde litt dårleg samvit overfor den sårbare villreinen på Hardangervidda, men det var i alle fall heldig at det ikkje var nemneverdig med andre gjester på hotellet..

Trass i lite søvn, vart samlinga avslutta med skitur på søndag, der Mestad noko overraskande rykka tidleg frå feltet. Det var overraskande fordi professoren smurde med grøn Swix, endå gradestokken viste blått føre. Heldigvis var ikkje kondisjonen hans den beste. (Eller vart han berre lei av å gå åleine der framme?)

Juristmållaget kan notera seg for nok eit seminar med gode attendemeldingar frå deltakarane. Vi sat alle att nye vener, og med aha-opplevingar, både med tanke på metode og språk. Nokon fekk seg til og med sin eigen fadder, som stiller opp for å lesa gjennom oppgåver og koma med råd. Samstundes kan Juristmållaget no smykka seg med det nye slagordet, første gong uttala ein grytidleg morgon på Ustaoset : ”Takk, Ivar Aasen – til åtak!”

Rolf Lynum Bjerkem


Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no