Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 Internasjonal konferanse i Bergen 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Til lukke med dagen!

 (08.03.2006)

I dag er den internasjonale kvinnedagen. I allefall to mållag nyttar høve til å skipe til 8. mars-arrangement. Det eine er i Setesdal og det andre i Kristiansund.

8. mars-fest i Setesdal
Starttid: 08.03.2006 KL: 19:30
Stad: Setesdalsmuseet
Tilskipar: Mållag og Bygdekvinnelag

Høyr den mest lovande norske forfattaren under 30 år, Olaug Nilssen, og skribenten Gudrun Kløve Juuhl lesa eigne tekstar og intervjua kvarandre om kvinner, bygda og nynorsken. Birgit Attestog fortel om ungdom sine tankar om framtida i Setesdal.

Kveding ved Torhild Jåvold. Festleiar er Lisbeth Dalquist Homme. Enkel servering.

Desse er med:
Gudrun Kløve Juuhl (27) er frå Arna i Bergen, og studerer nordisk ved Universitetet i Oslo. Ho er kjent som ei uredd, radikal røyst i målrørsla. Ho har mellom anna skrive i Syn og Segn, Klassekampen og Mål og Makt.

Birgit Attestog er rektor ved Hornnes vgs, og har skrive hovudoppgåva «Jeg er setesdøl, jeg», der ho slår fast at setesdalsmålet er under avvikling.

Olaug Nilssen (28) er frå Solheimsdalen i Sunnfjord og debuterte som 20-åring med romanen «Innestengt i udyr». I 2002 kom romanen «Vi har så korte armar», våren 2005 essaysamlinga «Hybrideleg sjølvgransking», og hausten 2005 romanen «Få meg på, for faen». Nilssen er også aktuell som festtalar og festspeldiktar i samband med Noregs Mållag sitt 100-årsjubileum.

Les meir hjå: www.nynorsk.no/ml/agder


Fosna Mållag sitt arrangement:
MARIE, DU BEDÅRE
Ein framførande diktarbiografi om Marie Takvam (på kvinnedagen)

Stad: Lille Onkel, Kristiansund, onsdag 8. mars kl. 19.00.

Skodespelarar: Gunnhild Hovden Kvangarsnes og Ragnhild Vennebo.

Musikk: Gunnhild Hovden Kvangarsnes og Elisabeth Vennebo.

Billett kr. 100.-. Lotteri på biletten.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no