Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 Internasjonal konferanse i Bergen 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsk og kvinner

 (09.03.2006)

Setesdalsmuseet i Valle var fullsett av kvinner i alle aldrar då det vart invitert til 8.mars markering med temaet: "Kvinner og nynorsk". Forfattaren Olaug Nilssen og skribenten Gudrun Kløve Juuhl var invitert for å fortelje om tilværet som ung, nynorskskrivande kvinne. Dei unge kvinnene skuffa ikkje, men gav dei oppmøtte eit innblikk i livet som bygdejente busett i urbane strøk.

- Eg har alltid skrive nynorsk, bokmål vert så fjernt for meg, sa Olaug Nilssen opprømt til forsamlinga, skal det vere mi stemme må det vere nynorsk! Ho fortalde levande om livet som nynorskbrukande forfattar i Oslo. Og ikkje minst om det ho kalla diskriminering.

- Eg vart spurd av Dagbladet om eg kunne tenkje meg å skrive bokmeldingar, men vart nekta å skrive på nynorsk. Då vart det sjølvsagt uinterresant for meg, eg opplevde det som diskriminering. Hadde me fått lese nynorsk i aviser som Dagbladet og VG ville nok også folk fått eit anna forhald til det.

Begge skribentanne var opptekne av at ein framleis hadde behov for kvinnedagen. Gudrun Kløve Juuhl etterlyste fokus på fleire kvinnelege kjelder i media medan Olaug Nilssen også retta blikket utover landets grenser.

- Ofte vert det kun prat om kva me kunne ha diskutert på kvinnedagen. Det finnes så mykje me kunne teke opp på ein slik dag, ikkje minst dei dårlege forhalda kvinner har i mange land. Det burde Siv Jensen tenkt på før ho gjekk ut og ville nedlegge heile kvinnedagen, i dag kunne ho gripe fatt i ein av Frp sine kampsaker, nemleg kampen mot kjønnslemlesting!

Thorild Jåvold sto for nydeleg kveding denne kvelden og Birgit Attestog fortalde om sitt arbeid med ungdom og dialekt i Setesdalen. Ein av hennar konklusjonar var at det ofte er jentene som forandrar mest på dialekten sin i ungdomstida!

Judith Litlehamar
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no