Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 Internasjonal konferanse i Bergen 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Medlemsvekst i Mållaget

 (10.03.2006)

Noregs Mållag har hatt medlemsvekst i 2005. Mållaget har auka med 21 medlemer. Ved årsskifte var det samla medlemstalet på 10 162 betalande medlemer. Dette er første året sidan 1999 at Noregs Mållag kan notere seg ein auke i betalande medlemer.
- Dette er veldig gledleg. I løpet av året er det verva nesten 1000 nye medlemer. Det er mykje fråfall også, men vi trur at dei nye medlemene har meldt seg inn i Noregs Mållag mellom anna fordi vi laga den flotte kampanjen Slepp nynorsken til, seier Nils Ulvund, fungerande leiar i Noregs Mållag.

- Vi vonar at jubileumsåret vert eit løft for medlemstalet til Mållaget, seier Nils Ulvund.

Også Norsk Målungdom har hatt medlemsvekst i 2005. Norsk Målungdom har 1720 medlemer mot fjoråret på 1428 medlemer. Det er spesielt vervekampanjen i Studentmållaget i Oslo, som har sikra denne veksten. Laget åleine har verva over 100 nye medlemer.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no