Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 Internasjonal konferanse i Bergen 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Gler oss til barnekanal

 (10.03.2006)

NRK ynskjer nå å oppretta sin eigen Barnekanal i konkurranse med Disney Channel. Dette er nytt, positivt og gledeleg. Kringkastingsringen har lenge vore opptekne av å få meir nynorsk og dialektbruk i barnesendingane i NRK, skriv Unn Aarestad, styreleiar i Kringkastingsringen, i eitt lesarbrev.
Vi håper at NRK med ein ny barnekanal gjev dialektene og nynorsken den plassen dei bør ha for å spegle Norge for born frå alle landsdelar.

Sjefen i barneavdelinga i NRK, Kalle Furst, sa i samanheng med dette til VG den 30. januar: «Vi trenger helt klart et norsk alternativ. En kanal som kan gi referanse til ens eget land og kultur.»

Han legg også til at det er viktig at NRK som allmennkringkastar har sin eigen barnekanal. Andre land som Sverige og Tyskland har i dag ikkje-kommersielle barnekanalar. Dei sender frå seks om morgonen til klokka 18-20 om kvelden. Alt i dag er NRK i ferd med å utvikla eit tett samarbeid med kollegar i Norden, seier Kalle Furst.

Mange av oss har opplevd at born tek etter fjernsyns- og radiospråket. Dei leikar innslaga frå barne-tv på den dialekten eller målforma som vert brukt. Kringkastingsringen er oppteken av at program for borna er viktige kanalar for å visa nynorsk og dialektar som viktige bruksspråk. Me veit at desse programma har høg status hjå borna.

I ei tid då stadig fleire kommersielle kanalar rettar seg mot born og unge, er det endå viktigare at allmennkringkastaren NRK lagar program for dei yngste der nynorsk og dialektar får sin rettkomne plass. Det er nemleg ein viktig del av identiteten, språkforståinga og toleransen som vert forma medan me er born og unge.

Ein rapport frå Nynorsk mediesenter i Førde synte at berre 5 prosent av dei som snakkar på lufta for dei yngste, er nynorskbrukarar. Det er altså 20 bokmålsbrukarar for kvar nynorskbrukar. Det skulle ha vore fem gongar så mange om NRK hadde teke det ansvaret dei er pålagde.

NRK er ein lisensfinansiert statskanal. Dei er pålagde å bruka både nynorsk og bokmål. Då må me setja vilkår for det dei leverer.

Nå ventar Kringkastingsringen at NRK tek ansvar for å nytta både nynorsk og dialektar i programma for born. Språkleg einsretting høver dårleg i ei tid som på nær sagt alle andre område hyllar mangfaldet og toleransen.

Kringkastingsringen ser det som umåteleg viktig å ha målformer i radio og fjernsyn der borna kjenner seg igjen i dei åra dei blir mest forma og får verdisynet sitt.

NRK sa i ei tidlegare årsmelding at «Gjennom NRK får barn et forhold til programlederne, ulike temaer og stemmer fra hele landet.» NRK har stor makt som dei kan nytta til å visa språkleg mangfald i sendingane sine. Desse sjansane har dei ikkje brukt. Ja, me har grunn til å tru at dei tidlegare ikkje ein gong tenkte på at dei skulle bruka ulike målformer.

Nå er sjansen der til å retta opp dette med den nye barnekanalen. Me ventar i spaning og kjem gjerne med gode innspel til korleis dette kan gjerast.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no