Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 Internasjonal konferanse i Bergen 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorskpris blir delt ut på nynorskfestspela

 (13.03.2006)

Kultur - og kyrkjedepartementet oppretta ein nynorskpris for journalistar i samband med opninga av Nynorsk mediesenter i 2004. Prisen er på 50.000 kroner og eit norsk kunstverk, og skal delast ut under Dei Nynorske Festspela i Ørsta, 22. juni i år. Gry Molvær er leiar for nemnda.
Føremålet med nynorskprisen er å fremje bruk av nynorsk i media og årleg ære ein dyktig journalist som er eit føredøme for andre. Prisen skal gjevast til ein journalist som har utmerka seg med bruk av levande og god nynorsk i norske media, og som gjennom arbeidet sitt har gjeve nynorsken status og innpass på nye område.

Utlysinga av prisen kjem til å bli kunngjort i ei rekkje aviser og på ein del nettsider. Alle kan føreslå kandidatar til prisen, og prisvinnaren vert peika ut av ein ubunden jury, som på fritt grunnlag vel kven som skal få prisen.

I juryen sit NRK- journalist Gry Molvær, sjefredaktør Tom Hetland i Stavanger Aftenblad og forfattaren Olaug Nilssen. Gry Molvær er leiar.

Leiaren for Nynorsk mediesenter, Magni Øvrebotten, er sekretær for juryen, og spørsmål om prisen kan stillast til Molvær på telefon 73 88 12 00 eller e-post ; gry-beate.molver@nrk.no, eller til Øvrebotten på 57 72 42 42, e-post : magni.ovrebotten@nrk.no. Les meir om prisen hjå Nynorsk mediesenter.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no