Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 Internasjonal konferanse i Bergen 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Målpris til Helge Torvund

 (14.03.2006)

Rogaland Mållag har tildelt Målprisen 2006 til Helge Torvund. Han er bokmeldar i Dagbladet og er diktlærar i Diktkammeret på Dagbladets nettside. På nettsida Diktkammeret legg ein ut eigne dikt, og så vert desse dikta kommenterte og diskuterte. Folk set pris på denne nettsida. I løpet av fem år har nettsida fått inn imponerande 400 000 innlegg. Torvund sjølv har skrive over 10 000 innlegg med råd og rettleiing til vanlege folk.

– Helge Torvund nyttar nynorsk i alt han skriv. Hans rolle som diktar og diktlærar aukar interessa for nynorsken og den nynorske kulturarven for nye grupper menneske over heile landet. Eit stort stykke kulturarbeid, som fortener målprisen, seier Tor Magne Egeland, leiar i Rogaland Mållag.

Helge Torvund har gjeve ut om lag 30 bøker. Både diktsamlingar, barnebøker og bøker i samarbeid med biletkunstnarar. Han har gjendikta amerikansk lyrikk og han har også utarbeidd ei handbok i poesiskriving.

Hege Lothe
Relaterte filer:
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no