Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 Internasjonal konferanse i Bergen 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Språket mitt - nettmøte

 (16.03.2006)

Noregs Mållag feirar hundre år og har invitert til ein landsomfattande skrivekonkurranse. Tema for teksten skal vere «Språket mitt». Teksten kan skrivast på dialekt eller nynorsk, sjanger vel eleven sjølv. I samarbeid med startsida.no og Språkrådet vert det og halde nettmøte på Startsida.no der ein kan få hjelp til skriving og rettskriving. I dag er det nettmøte hjå www.startsida.no

Alle elevar i ungdomsskule og i vidaregåande skule fått invitasjon til å vere med.

– Alle elevar får opplæring i nynorsk. Difor er Noregs Mållag opptekne av at elevane får eit positivt møte med nynorsken i klasserommet, seier nestleiar i mållaget Eli Bjørhusdal

Det vil bli kåra ein vinnartekst frå ungdomsskulen og ein frå vidaregåande skule. I tillegg vert det gjeve 2. og 3. premie. Vinnarane kan vinne ein berbar PC levert av ABC Startsiden, 2. premie er eit digitalkamera frå Eurofoto og 3. premie er vevkamera med hovudtelefonar og mikrofon frå Komplett Data. Vinnarane vert inviterte til premieutdeling på Dei Nynorske Festspela i Volda og Ørsta 21. til 25. juli 2006.

I juryen sit: Dagbladjournalist og kommentator Gudleiv Forr, professor ved NTNU Torlaug Løkensgard Hoel og student og skribent Gudrun Kløve Juuhl.

For meir informasjon kontakt:
Eli Bjørhusdal, nestleiar i Noregs Mållag tlf: 951 65 510
Gro Morken Endresen, dagleg leiar i Noregs Mållag tlf: 957 85 560 / 23 00 29 37

Har du spørsmål til skrivetevlinga eller vil levere inn din tekst? Skriv til skrivetevling@nm.no

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no