Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 Internasjonal konferanse i Bergen 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Språket mitt i Vesterålen

 (24.03.2006)

– Elevane mine har fått oppgåva ”Språket mitt" som heimeoppgåve til neste skrivesamling, fortel Ragnfrid Trohaug, forfattar og skrivekurslærar.

Ho er lærar på eit skrivekurs for ungdomar som kommunane i Vesterålen har gått saman om å lage. I løpet av våren er det tre samlingar, og til første helga i april skal alle elvane møte med ein tekst skrive ut ifrå oppgåva ”Språket mitt”.

Ho skryt av dei ni elevane som deltek på skrivekurset og fortel at dei er gode til å skrive. Ho fortel at dei har det ho vil kalla eit ureint språk.
– Dei brukar til vanleg både dialekt, engelsk og bokmål, medan på denne oppgåva må dei velje mellom om å skrive på nynorsk eller dialekt.

– Kva tykte elevane dine om oppgåva?
– Dei har fortalt meg at dei ikkje likar å skrive sakprosa, så ein elevane var skeptisk til at dette ikkje var ei sakprosaoppgåve, smiler Ragnfrid.
– Eg er veldig spent på kva dei får ut av denne oppgåve. Eg veit ikkje korleis dei løyser den, men eg hadde lyst til å teste ut kva som kjem ut av den, seier Ragnfrid Trohaug. Når dei møtest på komande samling, skal dei arbeide vidare med tekstane dei har skrive heime.

Les meir om skrivetevlinga hjå www.startsida.no eller hjå www.nm.no


Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no