Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 Internasjonal konferanse i Bergen 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Jubelhelg for Mållaget

 (29.03.2006)

Siste helga i april er det landsmøte i Oslo. Men helga vert ikkje berre landsmøtehelg, ho vert òg ei jubelhelg for nynorsken. Mellom anna vert det stor festframsyning på Det Norske Teatret. Om ein har tenkt å konversere med målfolk dei neste ti åra må ein få med seg Hundreårsfesten. Om ikkje vert ein einsam, meiner Ola E. Bø.

Sjølve landsmøtet vert halde i konferansesenteret Håndtverkeren som ligg midt mellom Det Norske Teatret og Kaffistova, i Kristian IV’s gate. Landsmøtet byrjar fredag 28. april klokka 13.00 og møtet er ope for alle. Mange spanande tankar skal fram under dei tre dagane. Landsmøtet opnar med at ordførar Per Ditlev-Simonsen helsar landsmøtelyden frå Oslo kommune. Etter det vert det utdeling av Nynorsk litteraturpris og Nynorsk barnelitteraturpris. Årets landsmøtetalar er Frank Aarebrot som skal snakke om strategiar for nynorsk i eit hundreårsperspektiv klokka 16.00 på fredagen. Laurdag kjem Petter Skarheim, direktør i Utdanningsdirektoratet. Han vil ta føre seg kva han ser som utfordringane for nynorsk i skulen i dag.

Hundreårsfesten
Fredagskvelden er det klart for Hundreårsfesten på Det Norske Teatret. Ola E. Bø, dramaturg på Det Norske Teatret, sit i programnemnda. Han seier dette om korleis nemnda har tenkt når dei har sett saman programmet:
– Dette er eit forsøk på å lage ein hundreårsfest. I programmet er der artige hundreårsperspektiv. Mellom anna gjennom sentrale nynorske diktarar desse hundre åra. Her har me fått skulerte folk til å gjere eit utval av dikt gjennom 100 år. Her vert humoristiske attendeblikk, kvasse, polemiske innlegg til jubilanten, populær songar frå heile hundreåret og vel så det, moderne utfordringar, dramatiske smakebitar og gamle kjenningar, lovar Ola E. Bø.
Nemnda har lagt vekt på å lage ein underhaldande kveld som både er nynorsk og underhaldande.
– Denne kvelden inneheld dei fleste kunstsjangrane der nynorsk har gjort seg gjeldande og både levande og døde forfattarar deltek, seier Bø.
Dei som deltek fysisk på scena derimot, er ganske unge. Det er noko nemnda har lagt vekt på.
– Dette er sjølve Hundreårsfesten. Han vert berre synt ein gong. Om ein har tenkt å konversere med målfolk dei neste ti åra må ein ha fått med seg denne festen. Om ikkje vert ein einsam, meiner Ola E. Bø.
Med i framsyninga er mellom andre: Are Kalvø, Jon Eikemo, Kjartan Fløgstad, Olaug Nilssen, Rønnaug Kleiva, Frode Grytten, Henning Sommero, Lars Bremnes, Kirsten Bråten Berg og Odd Nordstoga. Framsyninga er eit samarbeid mellom Noregs Mållag og Det Norske Teatret. Framsyninga tek til klokka 20.00 og kostar 300 kroner. Billettar til framsyninga må tingast frå Det Norske Teatret.

Jubileumsmiddag
Laurdagskvelden vert det festmiddag på Rådhuset i Oslo. Denne festen er open for alle som ynskjer å høgtide Noregs Mållag. Under middagen vert det helsingar, utdeling av målpris, utnemning av heidersmedlemmer og kåseri av Egil Johan Ree. Festmiddagen og dans kostar 750 kroner. På grunn av lokalet vert prisen på middag i år noko høgare enn åra før.
Etter middagen vert det dans i Rådhuset. Det er Spelemannslaget De frilynde som spelar til dans. Det er mogeleg å berre kome på dansen. Den kostar 150 kroner. Middag må tingast på førehand, men skal du berre på dans, kan du møte opp i døra klokka 22.00 og betale der. Det beste er likevel om flest mogleg gjev melding på førehand.

Høgmesse på nynorsk
På sundagen vert det høgmesse på nynorsk klokka 11.00 i Slottskapellet med studentprest Hilde Barsnes. Bygdelagskoret med dirigent Anne-Line Sandegren syng i Slottskapellet. Det vil ikkje verte pause i landsmøtetingingane under høgmessa. Etter at landsmøtet er slutt, tek Tron Øgrim Mållaget med på ei vandring til dei viktigaste nynorske stadene i Oslo frå klokka 15.00. Denne byvandringa må ein melde seg på og ho kostar 75 kroner.

Andre tilskipingar
Det er fleire som har møte i Oslo denne helga. Dag og Tid har generalforsamling torsdag 27. april og Det Norske Samlaget har årsmøte fredag 28. april i Jens Bjelkes gate 12 frå klokka 16.00. Det er tidlegare leiar i Noregs Mållag og stipendiat Oddmund Hoel som held hovudinnleiing om skipinga av Noregs Mållag, klokka 17.30. Føredraget er ope for alle og gratis. Etterpå vert det prisutdelingar og underhaldning.

Fakta: Landsmøte i Oslo
Fredag 28. april til sundag 30. april 2006
Stad: Konferansesenteret Håndtverkeren
Utsendingar til landsmøtet betalar 2 500 kroner. Det inkluderer reise (på billegaste måte) og røysterett på møtet.

Fakta: Landsmøtehelg
Hundreårsfest på Det Norske Teatret, fredag klokka 20. Ting billettar:
Festmiddag og dans på rådhuset i Oslo, laurdag klokka 20. Ting billettar:
Byvandring frå Grubbegata 6, sundag klokka 15. Ting billettar:
Alle er hjarteleg velkomne!

Marit Aakre Tennø
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no