Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 Internasjonal konferanse i Bergen 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Godt nynorsk-initiativ frå ANB

 (30.03.2006)

Avisenes Nyhetsbyrå (ANB) lanserer no ei eiga innhaldsteneste retta mot lokalaviser som trykkjer artiklar på nynorsk.
– Det er flott at ANB tek i bruk nynorsk. ANB leverer stoff til mange nynorskaviser og aviser som vekslar mellom nynorsk og bokmål, og då er det er det eit viktig framsteg at desse avisene kan få levert nynorsktekstar frå Oslo, seier Eli Bjørhusdal, nestleiar i Noregs Mållag.

I fjor stod Noregs Mållag i spissen for ein kampanje for meir nynorsk i pressa som vart kalla Slepp nynorsken til!

– Vi set pris på at ANB tek kravet på alvor og ser at det er kommersielt interessant å tilby reportasjar og nyhende på nynorsk, seier Eli Bjørhusdal.

For meir informasjon:
Eli Bjørhusdal, nestleiar i Noregs Mållag, 95 16 55 10 (m)
Hege Lothe, informasjonskonsulent i Noregs Mållag, 926 48 348 (m)


Dette er pressemeldinga frå ANB:
ANB med nynorsk-teneste
Avisenes Nyhetsbyrå (ANB) lanserer eiga innhaldsteneste retta mot lokalaviser som trykkjer artiklar på nynorsk. Tenesta blir presentert under landsmøtet til Landslaget for Lokalaviser i Molde komande helg. Den er utvikla i samarbeid med Norsk Plan, som frå før er ein etablert leverandør av innhald i nynorsk-marknaden.

- Fleire aviser som nyttar nynorsk har den siste tida tatt kontakt med oss om ei slik teneste. Dei har sett kva slags materiale vi leverer på bokmål, og ynskjer tilbod om noko av dette på nynorsk. Det har vi no lagt til rette for, fortel sjefredaktør Hallgeir Westrum i ANB.

Forutan språket er nynorsk-avisene prega av at dei er lokale. Dei fleste kjem ut nokre dagar i veka. Denne typen aviser har fokus på det som skjer lokalt. Dei er derfor ikkje så opptekne av tradisjonell byrårapportering av nasjonale og internasjonale hendingar.

- Vi har inntrykk av at desse avisene heller vil ha temaartiklar og spesiallaga innhald frå hovudstaden om spørsmål med særleg interesse for lokalsamfunnet. Eit anna viktig område for slike oppdrag er når personar frå lokalavisa sitt område deltek på arrangement i Osloregionen. Det kan til dømes vere konferansar, delegasjonar, audiens på Slottet, Idol-deltaking eller Norway Cup, seier Westrum.

Men ANB si innhaldsteneste på nynorsk vil ikkje vere heilt fri for nyhende. Kvar dag vil det bli sendt ut eit antal notisar om det som er aktuelt i tida. Omfang og tema tek omsyn til at målgruppa ikkje gjev ut avis kvar dag.

For meir kontakt: Sjefredaktør Hallgeir Westrum, tlf 90750764

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no