Tre jenter på Firda vidaregåande skule har nett levert inn ein nyskriven stil til
retting. Dei har skrive oppgåva som Noregs Mållag har laga til skrivetevlinga i høve 100-årsjubileet. Fristen for å levere oppgåve er på fredag 7. april 2006.
Ragnhild Høyvik, Monica Solheim og Kristine Knapstad likar å skrive, men ikkje
kva som helst.
– Eg likar å skrive viss eg får skrive det eg vil. Eg likar ikkje å skrive sakprosa, artiklar eller tolkingsoppgåver, seier Kristine.
– Eg valde oppgåva fordi eg likar å skrive om språket mitt. Eg tykkjer det er fasinerande med dialektane, fortel Monica.
– Dei valde denne oppgåva, fordi dei andre oppgåvene var anten tolkingsoppgåve eller sakprosa. Dette var meir ei fri oppgåve. Eg skreiv ei historie om at alle dyr og plantar hadde språk, men at det slett ikkje var alle som forstod språket, seier Ragnhild.
– Eg tok denne oppgåva fordi eg kunne bruke fantasien. Eg skreiv om ein gammal mann som var blitt stum, og om at ei dokke som eg kalla «Språket
mitt», hadde rappa språket hans, fortel Kristine. Alle tre har levert inn stilen til retting, men er langt frå sikre på at dei når opp i konkurransen.
– Kanskje Monica er ein god kandidat til å nå opp i konkurransen, for ho har
vel halde seg til tema, smiler Ragnhild.
Dialektar– Det er veldig kult at folk har spesielle dialektar. Det er utruleg kult at ikkje alle
snakkar på same måten, seier Ragnhild.
Monica som kjem frå Bryggja, har eit medvite forhold til korleis ho snakkar.
– Eg snakkar noko meir «gammaldags» enn mange på min eigen alder. Det er fordi eg har høyrt på korleis bestemor mi snakkar, og så har eg teke etter ho. Dei andre snakkar meir og meir slik som det vert skrive, seier Monica.
SKRIVETEVLINGOppgåva er: «Språket mitt
Innleveringsfrist: Fredag 7. april 2006. Alle må skrive på nynorsk
dialekt.
1. premie: Ein berbar PC frå www.startsida.no
2. premie: Eit digitalkamera frå Eurofoto
3. premie: Eit vevkamera med hovudtelefon og mikrofon frå Komplett Data
Les meir om tevlinga på www.startsida.no eller www.
Oppgåva sendast til
skrivetevlingTeksten har tidlegare stått på trykk i Norsk Tidend.