Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 Internasjonal konferanse i Bergen 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Den nynorske festspela i Hovdebygda

 (06.04.2006)

– Dei nynorske kulturarbeidarane har alltid vore viktige for nynorsken og målrørsla. Difor er det ei spesiell glede å vere samarbeidspartnar til Dei Nynorske Festspela i Mållaget sitt hundreårsjubileum, seier dagleg leiar i Noregs Mållag, Gro Morken Endresen.

Olaug Nilssen og Karl Seglem, Vamp og Lene Kaaberbøl, Aftenlandet og Marita Liabø, Gabriel Fliflet og Ole Hamre, Berit Opheim og Andreas Hompland, Gunnhild Øyehaug og Jan H. Landro, Kari Veiteberg og Karsten Alnæs. Dette er berre nokre av namna som Dei Nynorske Festspela har på programmet i år. Om lag 40 arrangement i dagane 21.-25. juni samlar seg om temaet ”Målet for alle”.

Med sine 28 år er Olaug Nilssen den yngste festspeldiktaren nokon gong. Ho er med i ni programpostar, frå platekåseri til bloggekurs og salmedebatt. – Vi ville feire fortida og hundreårsjubileet til Noregs Mållag ved å velje ein forfattar som så tydeleg representerer framtida og som på få år har makta å skilje seg positivt og skarpt ut, seier programansvarleg Christel Siem. – Dessutan har ho fått høve til å ta med seg fleire unge forfattarar som kvar på sin måte kjem til å prege festspeldagane i juni.

Tre programpostar ber tittelen ”Litteratur med Landro”. – Det er så enkelt at vi ikkje er åleine om å meine at Jan H. Landro er ein av dei aller fremste og mest respekterte litteraturjournalistane i landet, seier direktør Ottar Grepstad. – Han stiller alltid godt førebudd, lagar kloke samtalar som eit stort publikum har utbytte av, og forfattarane har full tillit til han. Difor har vi gjort ein eksklusiv avtale med han om at programtittelen ”Litteratur med Landro” er noko som berre Dei Nynorske Festspela byd på, i år, neste år og i 2008. Og vi har opsjon på meir, seier Grepstad.

– Festspela er målet for alle, og vi byd på musikk for alle, seier programansvarleg Christel Siem. – Karl Seglem er tilbake med stort tingingsverk og eit knippe songarar og musikarar han har plukka frå øvste hylla. Vamp held etter eige ønske familiekonsert. Olav Stedje kjem saman med dei to andre vestlandstylane Halvor Folgerø og Finn Tokvam. Som ledd i arbeidet med den store salmekonkurransen Nynorsk kultursentrum lyste ut i januar, blir både fagfolk og festspelgjester inviterte til debatt om kva som gjer ein salme god.

Jakob Sande ville ha fylt hundre år i år. Arrangørane i Aasen-tunet feirar med Jakob Sande for barn, i kyrkja og til sjøs. – Ingen syng Jakob Sande-songane betre enn Aftenlandet gjer, og ingen kan meir om denne diktaren enn Ove Eide, så vi har like godt samla dei til ferjetur frå Ørsta til Volda, seier festspelprodusent Åshild Widerøe.

I år er festivalen prega av hundreårsjubileet til Noregs Mållag, og arrangørane nyttar høvet til å gå over nokre uventa språkgrenser. Alt under opningshøgtida gir to bokmålsforfattarar eigne nyskrivne tekstar på nynorsk i gåve til hundreårsjubilanten. Under det avsluttande Aasen-stemnet søndag er det fantasyforfattaren Lene Kaaberbøl som held stemnetalen – på dansk.

Det blir også meir debatt enn på lenge under Dei Nynorske Festspela i år. Kommunepolitikarar frå heile Nord-Vestlandet møtest til stordebatt om regionalisering, med støtte frå Norsk filmfond og Norsk kulturråd blir det seminar om språk i nordisk film, og Helene Uri skal saman med andre språkfolk gå holmgang om kva rettskrivinga har å seie for utbreiinga av eit språk. Ivar Aasen-minneforedraget blir i år halde av sosiologen og spaltisten Andreas Hompland.

Gro Morken Endresen frå Mållaget framhevar at i år må ein til Festspela, om ein vil delta i ordskifta om mange dagsaktuelle målsaker. – Festspela er eit av dei største arrangementa i jubileumsåret, og Nynorsk kultursentrum er den viktigaste samarbeidspartnaren vår, seier ho.
Ei av dei fremste yngre kvinnene i Den norske kyrkja, Kari Veiteberg, held preika under den årlege friluftsgudstenesta i uteamfiet i Aasen-tunet. Få timar etterpå fyller Gabriel Fliflet og Ole Hamre den same arenaen med festspel som ingen gjer dei etter. Saman med blant andre eit lokalt mannskor og hiphopartisten Runar Gudnason set dei punktum for dei femtande Festspela i det tradisjonsrike Aasen-stemnet.

Suksessen med Dei nynorske golfspela frå i fjor blir ført vidare i år. Under desse festspeldagane blir det også kjent kven som har vunne skrivekonkurransen ”Språket mitt” i regi av Noregs Mållag, og i skrivekonkurransen som Nynorsk kultursentrum saman med regionale mållag gjennomfører på Nordvestlandet i vår.

I fjor haust hadde Kunstnarleg råd for Dei Nynorske Festspela det første møtet sitt. I dette rådet sit dramaturg Ola E. Bø, komikar Are Kalvø, kultursjef Jan Kløvstad, skodespelar Ane Dahl Torp og forlagssjef Margit Walsø.
– Ideane deira kjem til å prege seinare program meir enn det av året, seier Ottar Grepstad, – men vi har alt lytta til gode råd frå dei og er mektig stolte av å ha eit slikt lag av rådgivarar.

Salet av festspelbillettar tek til torsdag 6. april. Fram til 19. april kan festspelgjestene sikre seg festivalpass med inngang til alle arrangement for berre 690 kr. Etter den datoen er prisen 990 kr.

For meir informasjon
Programansvarleg Christel Siem, tlf. 70 04 75 79 eller 48 09 43 79
Festspelprodusent Åshild Widerøe, tlf. 70 04 75 82
Informasjonsleiar Gaute Øvereng, tlf. 70 04 75 78 eller 47 33 41 44

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no