Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 Internasjonal konferanse i Bergen 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Hundreårsfest for Mållaget

 (25.04.2006)

Fredag 28. april byrjar jubileumslandsmøtet i Noregs Mållag i Oslo. Fredagskvelden er det Hundreårsfesten på Det Norske Teatret i høve at Noregs Mållag fyller 100 år.
– Hundreårsfesten er ei unik framsyning. Denne kvelden vil folk oppleve mange artige hundreårsperspektiv. Her vert humoristiske attendeblikk, kvasse, polemiske innlegg til jubilanten, moderne utfordringar, dramatiske smakebitar og gamle kjenningar, seier Gro Morken Endresen, dagleg leiar i Noregs Mållag.

– Dette er sjølve Hundreårsfesten. Han vert berre synt ein gong, fortel Gro Morken Endresen, som oppmodar folk til å skaffe seg billettar snarast råd. Med i framsyninga er ei historisk samling av landets fremste artistar, skodespelarar og forfattarar med mellom andre Are Kalvø, Jon Eikemo, Kjartan Fløgstad, Olaug Nilssen, Frode Grytten, Lars Bremnes, Kirsten Bråten Berg og Odd Nordstoga.

Jubileumslandsmøtet vil vere meir enn fest og feiring.
– Noregs Mållag vil også nytte høvet til å drøfte framtida, med sikte på å lage ein effektiv og slagkraftig nynorskstrategi for det neste hundreåret, seier Gro Morken Endresen. Landsmøtetalar er Frank Aarebrot, professor ved Institutt for samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen, som skal snakke om Strategiar for nynorsken i eit hundreårsperspektiv. Medan Petter Skarheim, direktøren i Utdanningsdirektoratet, skal snakke om Utfordringar for nynorsken i skulen.

For meir informasjon:
Gro Morken Endresen, dagleg leiar i Noregs Mållag, 23 00 29 37 eller 957 85 560 (m)
Hege Lothe, informasjonskonsulent, 23 00 29 32 eller 926 48 348 (m)

Meir informasjon om landsmøtet er å finne på www.nm.no


Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no