Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 Internasjonal konferanse i Bergen 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Kringkastingsprisen gjekk til Harald Bøe

 (25.04.2006)

Kringkastingsprisen 2006 går til NRK sin oljejournalist Harald Bøe. Kringkastingsprisen går til ein journalist som nyttar nynorsk på eit utradisjonelt område. Som oljejournalist arbeider han med eit område der nynorsk og norsk i det heile er lite nytta. Likevel klarer denne journalisten å formidle kompliserte nyhende på eit lett og godt nynorsk, samstundes som han formidlar stoffet på ein lettfatteleg måte.

Bøe får prisen fordi han i mange år har makta å formidle innfløkte saker frå eit særs internasjonalt område og gjort det tilgjengeleg for folk flest.

I ei tid der fleire og fleire område vert internasjonalisert og engelsk snart vert like vanleg som norsk på enkelte område, gjer Harald Bøe eit viktig pionerarbeid for norsk fagspråk på oljefeltet.

Harald Bøe (f. 1939) er NRK sin fremste oljejournalist, han er tilknytt økonomi- og næringslivsredaksjonen til NRK, men har tilhald i Rogaland. Han er mest å høyre på NRK Dagsnytt som oljemedarbeidar. Harald Bøe er fødd på Fogn Han var rektor ved Sentralskolen i Bjerkreim i 7 år, før han byrja i NRK Rogaland i 1977. Han arbeidde i Dagsnytt mellom 1984 og 1989.

Kringkastingsprisen blir delt ut til ei røyst som utmerkar seg med godt språk i radio eller fjernsyn og som på ein framifrå måte nyttar nynorsk eller dialekt i det daglege arbeidet. Kringkastingsringen har delt ut Kringkastingsprisen kvart år sidan 1978. Prisen er eit grafisk blad av kunstnaren Per Kleiva.

Kringkastingsringen arbeider for at nynorsk, norske dialektar og samisk skal få eit rettkome rom i norsk allmennkringkasting og media elles


Hege Lothe
Relaterte filer:
Harald Bøe (jpg-fil)
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no