Nynorsk barnelitteraturpris 2005 går til debutanten Maria Parr frå Vanylven.
Ho får prisen for boka
Vaffelhjarte. Lena og eg i Knert-Mathilde. Boka er illustrert av Bo Gaustad.
Juryen sat; Trude Hoel, Eirik Vassenden og Randi Brenden. Og dei har laga denne grunngjevinga:
Maria Parr har skrive ei levande bok om kvardagslege hendingar. Trille og Lena er 9 år og me får følgja dei gjennom eitt år med oppfinnsame innfall og leik: Dei byggjer taubane, dei sløkkjer sankthansbålet med møkkaspreiaren og dei samlar to og to dyr på Noas sjark. Og enno har sommaren berre så vidt begynt. Dei blir inspirerte av forteljingar dei høyrer, og grenser finst ikkje for dei: Ein plakat på butikken om ”hundekvelp ønskes” får vennene til å setja opp ein plakat om ”pappa ønskes”, og her er det duka for forviklingar og morosame ordspel.
Boka er full av burlesk humor, men fortel òg om alvorlege og triste ting på ein usentimental måte: ”Det vart jul dette året også, men alt var annleis, sidan tante-farmor ikkje var på besøk. Ingen sat på plassen hennar ved bordet, ingen bretta saman julepapiret og sa at det var stygt å kaste så fint papir, ingen song skingrande gamledamete då vi gjekk rundt juletreet”. Illustrasjonane, som er i svart-kvitt med ein enkel strek, er humørfylte og trufaste mot teksten.
Boka er skriven i eit lett, engasjert – og engasjerande – språk. Ho er i det heile prega av overskot, både når det gjeld fantasi, forteljekunst og humor. Vaffelhjarte er ei bok som gir frå seg mykje, både til vaksne lesarar og til barn, og som maktar å vera både sofistikert og svært enkel på same tid. Både humor og kjensler er teikna i full breidde, med stor og overbevisande innleving, og det er lett å bli glad i personane. Kapitla er små episodar og boka passar bra til høgtlesing. Vaffelhjarte plasserer seg i ein stor tradisjon av gode barnebøker, men utan fare for å bli ein kopi. Maria Parr markerer sitt sjølvstende på ein klar, sterk og liketil måte og er difor ein verdig vinnar av nynorsk barnelitteraturpris.
Desse har tidlegare fått Nynorsk barnelitteraturpris. For liste, klikk
her.