Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 Internasjonal konferanse i Bergen 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Jubileumslandsmøte på Håndverkeren

 (28.04.2006)

I dag, fredag 28. april, opnar jubileumslandsmøtet i Noregs Mållag klokka 13.00 på Håndverkeren konferansesenter i Rosenkrantz gate 9 i Oslo. Møtet er ope for alle.

Det er utdeling av Nynorsk litteraturpris og Nynorsk barnelitteraturpris klokka 13.45.

Klokka 16.00 går Frank Aarebrot, professor ved Institutt for samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen på talarstolen. Bergensaren skal snakke om Strategiar for nynorsken i eit hundreårsperspektiv. Det er venta at dette kan verte eit både spennande og underhaldande ordskifte. Mållaget vil nytte høvet til å drøfte framtida, med sikte på å lage ein effektiv og slagkraftig nynorskstrategi for det neste hundreåret.

Klokka 20.00 på fredagskvelden er det den unike Hundreårsfesten på Det Norske Teatret i høve at Noregs Mållag fyller 100 år. Dei som vil ha pressebillettar må ta kontakt snarast råd med Hege.Lothe@nm.no

Laurdag klokka 12.45 kjem Petter Skarheim, direktøren i Utdanningsdirektoratet, til landsmøtet og skal snakke om Utfordringar for nynorsken i skulen.

Laurdag kveld klokka 19.30 på Rådhuset i Oslo er det festmiddag med oppnemning av heidersmedlemer og utdeling av Målpris.

Sundag er det val av ny leiar i Noregs Mållag. Valnemnda har samrøystes innstilt på Hege Myklebust (36) frå Stord. Ho er høgskulelektor i norsk og har lang erfaring i målrørsla og i Nei til EU.


For meir informasjon:
Gro Morken Endresen, dagleg leiar i Noregs Mållag, 957 85 560 (m)
Hege Lothe, informasjonsmedarbeidar, 926 48 348 (m)

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no