Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 Internasjonal konferanse i Bergen 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Målblome til ANB

 (28.04.2006)

– Eg har den store gleda av å dele ut ein av dei to målblomane på landsmøtet til ANB, sa Eli Bjørhusdal, nestleiar i Noregs Mållag til landsmøtet.
– ANB er eit av tre store norske nyhendebyrå til lokal og regionale media, og tilbyr ei rekkje tenester. Det som er nytt og avgjerande for denne prisen er at ANB no tilbyr nynorsk-tenester til lokalaviser. Det er svært prisverdig at ANB vil tilby tenester på nynorsk.

Dette er med på å gjera nynorsken synleg. No håpar me at den gledelege utviklinga i ANB kan vere med å velte andre bokmålsmonopol!

Den lukkelege vinnaren Hallgeir Westrum, sjefsredaktør i ANB, fekk svært taktfast applaus frå salen.
– Takk for heider og gode ord. Dette er både gildt og overraskande, sa Hallgeir Westrum. Me i ANB er stolte over å få denne prisen. I fjor gjekk det ein varm debatt om nynorsk i norske avisspalter. Den fekk oss til å sjå nærare på eige arbeid var med å føre til at me byrja med nynorske tenester.
Dette var eit vegval for oss. Og organisatorisk og praktisk var oppgåva overkommeleg. Me har også gode medarbeidarar som beherskar nynorsk. Eg vil gi ros til alle som har delteke i dette pilotprosjektet. I ein startfase som dette er mykje usikkert, sa Hallgeir Westrum. Han nytta også høve til å gje jubilanten heider.
– Gratulerer med dagen, Det er ein flott alder på ein livskraftig organisasjon!

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no