Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 Internasjonal konferanse i Bergen 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Blåmann Barnebokklubb fekk målblome

 (29.04.2006)

- Blåmann Barnebokklubb får Målblome 2006 av Noregs Mållag fordi vi treng dykk og fordi vi vil at de skal forsetje å gje ungar i heile landet tilgang på verdas beste barnebøker, sa Anne Marit Godal, styremedlem i Noregs Mållag, då ho overrekte målblomen til bokklubbredaktør Erle Stokke.

Den nynorske barnebokklubben kom i stand i 2001. Namnet var Blåmann Barnebokklubb, med bokklubbredaktør Erle Stokke ved roret.
- Sidan den gong har barnebokklubbredaktøren og Blåmann Barnebokklubb gjort ein formidabel innsats for formidlinga av nynorsk barnelitteratur, sa Anne Marit Godal.

- Dei har formiddla mange viktige og flotte bøker. Mellom anna klassiske barnebøker som Karius og Baktus av Torbjørn Egner og Ein motig maur av Tarjei Vesaas. Omsett litteratur som Skammarserien og klassikaren Bø og bæ. I tillegg til flotte og spennande bøker som Verdas mest forelska par av Rune Belsvik og Bjørnen Alfred og hunen Samuel forlet pappkartongen av Ragnar Hovland.

Det var fleirtalet i Stortinget som løyvd pengar til oppstart av ein nynorsk barnebokklubb. Medan det var Samlaget som stod for etableringa av barnebokklubben.




Hege Lothe
Relaterte filer:
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no