Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 Internasjonal konferanse i Bergen 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Start tidlegare med nynorsk

 (30.04.2006)

Sidemålsgranskinga til Utdanningsdirektoratet syner at bokmålselevane som startar tidleg med nynorskopplæring, likar nynorsk betre og blir flinkare til å skrive nynorsk, enn dei som startar seint.
– Tendensen er altså klar: Di tidlegare sidemålsundervisninga startar i skulen, di betre vert haldningane til faget. Dette provar det Noregs Mållag lenge har hevda: Nynorskopplæringa må byrja tidlegare, seier Hege Myklebust, nyvald leiar i Noregs Mållag.

Undersøkinga syner så klare samanhengar at det må få fylgjer for praksis i skulen. Dersom styresmaktene meiner alvor med at negative haldningar til nynorsk må endrast, må opplæringa starta tidlegare. Dette må Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet fylgja opp med tiltak. Noregs Mållag bed om at nynorsksundervisninga tek til på barnesteget på skulen.

Funna i denne rapporten fell òg saman med dei førebelse resultata av sidemålsforsøka som fylgjer den såkalla Åndalsnesmodellen. Der nyttar bokmålselevar nynorsk som arbeidsspråk i andre fag enn norsk. I år er det 14 skular med på forsøksordninga.
Interessa for desse forsøka er stor og resultata så langt er svært gode, både når det gjeld faglege prestasjonar og haldningar. Talet på forsøksskular innanfor denne modellen ser ut til å verta dobla til hausten.

– Elevane i granskinga meiner undervisningstilbodet i nynorsk er for dårleg, og at meir skriving og meir undervisning er det som skal til for å få betre resultat i nynorsk. At dette kjem frå elevane sjølve, bør vekkja utdannings-Noreg, seier Hege Myklebust.

Noregs Mållag har i helga vore samla til jubileumslandsmøte i Oslo.

For meir informasjon:
Hege Myklebust, leiar i Noregs Mållag, 928 16 136 (m)


Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no