Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 Internasjonal konferanse i Bergen 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Offensiv nynorskpolitikk frå utdanningsdirektøren

 (12.05.2006)

Ein offensiv utdanningsdirektør lova landsmøtet å følgje læreboksitasjonen nøye. Viktigare var kanskje at han opna for å sjå på sidemålsforliket på nytt i lys av stortingsfleirtalet etter valet i haust.

Førre regjering gjekk med utdanningsminister Kristin Clemet i spissen inn for å
gjere om på sidemålsordninga. Viktigast i denne omlegginga var ønsket om at sidemålet skulle få minst mogleg plass i skulen. Kompromisset som seinare vart vedteke i Stortinget, har Noregs Mållag meint er til å leve med, men ein har også frykta at det ikkje er godt nok for nynorskopplæringa i skulen.
– Hovudproblemet er at det er ganske vanskeleg å oppretthalde ein karakter i sidemål og ein karakter i hovudmål, når du har éin eksamen. Det har vore regjeringsskifte og stortingsval sidan det vedtaket blei gjort. Eg trur at vi kjem til å ta opp igjen den saka, sa Petter Skarheim, direktør i Utdanningsdirektoratet.

Nasjonale prøver
– Det ligg som ein føresetnad frå tidlegare at ein skulle teste sidemålet i nasjonale prøver. Så langt kom vi ikkje. No kjem det nasjonale prøver i 2007, og vi prøver å få det inn der, sa Skarheim. Når ein har laga desse nasjonale prøvene, så går det an å ha utval der ein byter målet, berre for å teste det, den vegen.
– Læreboksituasjonen er ei veldig viktig og vanskeleg sak. Det er den første reforma i nyare historie der vi ikkje har hatt sentral godkjenningsordning for lærebøker. Det hadde vi under førre reforma, og alle dei tidlegare reformer. Og det er den første reforma kor vi ikkje har ein bransjeavtale som
regulerer lærebøker, slo Skarheim fast.
– Difor er det juridiske grunnlaget veldig mykje annleis det har vore tidligare.
Viss dette vert eit problem, så må vi bruke meir aksjonstenking enn tidligare, sa Skarheim. Utdanningsdirektøren var heilt klar på at då kviler det ansvar på skuleeigarane.

Vil lage svarteliste
– Skal dette lovverket fungere, må skule-eigarane og skulane vere lojale. Det vil seie at Bærum-skulen, Asker-skulen, Oslo-skulen og andre austlandsskular faktisk må vere så lojale at dei vel å ikkje kjøpe lærebøker
frå forlag som ikkje har produsert nynorskutgåve i rett tid, eller, i verste fall, som ikkje har produsert nynorskutgåve i det hele teke, slo Skarheim fast. Han peika også på at skuleeigarane må kunne få informasjon om kva forlag som faktisk tilbyr både nynorsk- og bokmålutgåver.
– Då må vi ha verktøy. Vi vil vurdere det framlegget som fl eire har vore inne på, at vi kanskje skulle ha ei liste over forlag, slik at alle kan gå inn og sjå: Korleis er det med denne læreboka. Er ho produsert i nynorskutgåve
også? Om ho ikkje fi nst i nynorskutgåve, då vel skulen ikkje dette forlaget. Slik kan det på eit vis verte ein økonomisk risiko for forlaga, sa Skarheim.
Han la til at Utdanningsdirektoratet arbeidde med eit informasjonsskriv til kommunane og skulane om nettopp innkjøp av lærebøker. Han hausta stor applaus for dette. Skarheim la til at han systematisk tek opp situasjonen knytt til nynorske lærebøker når han er i møte med ressursar innanfor grunnskulen, elevorganisasjonen og Utdanningsforbundet.

Gruppeinndeling
Siste åra har ein sett at kommunane prøver å spare pengar ved å setje nynorsk- og bokmålselevar i barneskulen i same gruppe. Dette gjekk Noregs Mållag til sak mot og vann i retten. I etterkant sende Utdanningsdirektoratet
ut eit informasjonsbrev med rettingsliner knytte til retten å ha eiga
gruppe.
– Eg tykkjer det vert småleg tenking rundt om i kommunane, der ein for kvar
pris prøver å skvise grunnleggjande rettar for å få inn småpengar. Vi vil nærmast ha nulltoleranse i forhold til den type ting, sa Skarheim.
Skarheim har tidlegare sagt at han tykkjer nynorskopplæringa skal starte tidlegare. På landsmøtet gjentok han dette, og meinte at tidleg start ville fungere positivt.
– Ikkje berre tidligare på ungdomsskulen, men altså mykje tidlegare på barneskulen, påpeika Skarheim.
Han kopla dette med at det var viktig å gjere noko med haldingane tidleg.
– Når vi lagar anti-mobbekampanje, kvifor ikkje berre køyre denne ut på nynorsk? Er det så problematisk? Vil ungdom snu seg bort frå plakatane? Det gjer dei ikkje! Vi må tenkje mykje meir off ensivt knytt til den typen
skriftleg materiale, hevda Skarheim. Til slutt la han også vekt på at god nynorskopplæring i lærarutdanninga var viktig for å gjere studentane til gode lærarar. Han meinte at direktoratet allereie var i gang med tiltak på dette området.
– Utdanningsdirektoratet skal arbeide hardt og aktivt for å sikre nynorsken og nynorskens stilling. Dette er vi pålagt, men vi ser det også som veldig viktig ut frå eit utdanningsperspektiv og ut frå at det er viktig å sikre like rettar, sa Skarheim. Ha la til at han vona at Noregs Mållag vert ein tett samarbeidspartnar og nytta høvet til å gratulere med 100-årsjubileet.
Han la til at han trudde Mållaget eksisterte om hundre år, men at han vona haldingane hadde blitt betre på desse hundre åra.
– Kanskje vil den reelle valfridomen til ungdommen bli større. I dag er problemet at mange ungdommar skifter frå nynorsk til bokmål, og at det er få som skifter frå bokmål til nynorsk.
– Men det er jo eigentlig heilt ulogisk at det ikkje er meir denne vegen, når ein veit kor sterkt dialektane står. Kanskje er det om hundre år like naturlig å skifte andre vegen, sa Petter Skarheim.

Hege Lothe

Teksten står på trykk i Norsk Tidend 3/2006
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no