Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 Internasjonal konferanse i Bergen 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Dei Nynorske Festspela

 (12.05.2006)

- Du kan vente deg mange gode opplevingar på Dei nynorske
Festspela, smiler Åshild Widerøe, festspelprodsent for festspel som er frå onsdag 21. til sundag 25. juni 2006. es meir om festspela på dei nye flotte sidene til Ivar Aasen-tunet.
Her fortel Åshild Widerøe litt om alt som skjer på festspela:

Festspeldiktar Olaug Nilssen: Ho er ein allsidig og spennande forfattar
som vert med på mange ulike tilskipingar. Ho lagar bloggkurs, ho skal halde platekåseri, vere programleiar under utdelinga av vinnarprisar til skrivetevlinga, ho skal diskutere det unge litterære miljøet i Bergen, og ho skal diskutere bruk av skjellordsord og banneord, ho skal vere med og snakke
om salmar på sundagen og ho skal lage quiz til laurdagskvelden i Aasen-
tunet. Dessutan skal forfattarskapen hennar verte grundig presentert.

Festspelkunstnar Finn Graff :
Teiknaren stiller ut nynorsk portrett. Utstillinga vil bli verande i
tunet heile sommaren.

Målfest: Noregs Mållag er ein av samarbeidspartnarane til Det Nynorske Festspela. Dermed vil målsaka setje sitt preg på festspela på ulikt vis. Det vert språkdebatt og dessutan ulike variantar av MålBar. Laurdag føremiddag skal til dømes hundreåringen skipe til målfest i Volda sentrum.

Favorittrett: Jubileumskokk Morten Schakenda og kjøkkenleiar
Milan Ilic lagar Olaug Nilssens favorittrett. Dei som vil vite
kva favorittretten er, må ta turen innom kafeen i Aasen-tunet opningskvelden.
Litteratur med Landro: Jan H. Landro er kulturjournalist i Bergens
Tidende. Landro skal leie tre samtalar om litteratur. I eine
samtala skal Nora Simonhjell, Knut Hoem og Gunnhild Øyehaug
snakke om festspeldiktaren Olaug Nilssen. I ei anna samtale
stiller Landro spørsmålet; Kva skjer i Bergen? Då skal Olaug
Nilssen vere med og snakke om kva som skjer i Bergen. På sjølve
opningstilskipinga skal Landro snakke med Karstein Alnæs og
Marita Liabø. Dei har skrive kvar sine tekstar til hundreårsjubilanten
Noregs Mållag.

Mediedebatt: I samarbeid med Nynorsk Mediesenter blir det aktuell
mediedebatt om det å vere nynorskbrukar i massemedia. Dei som skal snakke er Ingvill Tandstad, Inger Johanne Sæterbakk og Per Arne Kalbakk. Medan debattleiar er Magni Øvrebotten. I tillegg vert det for aller første gong
delt ut Nynorsk mediepris frå Kultur- og kyrkjedepartementet. Prisen er på 50 000 kroner.

Måldebatt: Kor viktig er rettskrivinga for utbreiinga og bruken av eit språk, spør debattleiar Ottar Grepstad. I panelet sit Helene Uri, førsteamanuensis, Jon Peder Vestad, språkkonsulent i NRK og Hege Myklebust, leiar i Noregs
Mållag og høgskulelektor i norsk. Jakob Sande: Vi er veldig glade for at vi har heile tre programpostar med Jakob Sande, sidan det er hundreårsjubileum for han i år. Det vert ein programpost om Jakob Sande for barn – med Ingunn
E. Wiken som har illustrert boka Gåsa, katten og hanen. Dessutan
Jakob Sande i kyrkja. Då syng Ørsta kyrkjekor under leiing av Roar
Goksøyr Lillebø. Her vil publikum også få oppleve nye melodiar
til dikt av Sande.

Ferjetur: Jakob Sande til sjøs er det tredje delen av Jakob Sandeprogrammet. Det kan opplevast på ein ferjetur frå Ørsta til Volda. Og i år skal Ove Eide, som skriv biografi om Jakob Sande, gje nokre
smakebitar frå denne. For ti år sidan gav Aftenlandet ut si første plate med tekstar av Jakob Sande. Dei vert også med på ferjeturen Jakob Sande til sjøs.

Musikk: Det vert mykje spennande musikk. For å nemne noko: Nordic tenors skal halde opningskonsert, medan Karl Seglem har skrive eige tingingsverk.
Og på sjølvaste jonsokaftan held Vamp konsert på Volda bygdetun.
Festspela vert avslutta med Vestland, festland, bestland med Ole
Hamre (trommer), Gabriel Fliflet (trekkspel, song), Liv Merete Kroken
og Sigrid Terese Moldestad (hardingfele, vanleg fele, song), Harald Dahlstrøm (tangentar), Runar Gudnason (rapp) i tillegg til eit lokalt mannskor.

Ivar Aasen-stemnet: Søndag er det friluftsgudsteneste med kyrkjekaffi. Då kan ein også få med seg ei samtale om kva som gjer ei salme god. Og deretter er det Ivar Aasen-stemnet som har lange tradisjonar. Lene Kaaberbøl held stemnetalen med tittelen Dansk i Noreg. Ho har gjort stor suksess med Skammar-serien som er innanfor fantasysjangeren for ungdom.

Nynorsk humor: Festspela byr på noko av det beste av nynorsk
humor. Det vil seie Møre Banan – med komikar-duoen Fredrik Steen og Ørjan Liavåg. Dei gjorde nasjonal suksess med Hildegunn
og Leif-Per-show. Dei er no tilbake med sin ny revysuksess «Møre Banan». Karane som verkeleg har spesialisert seg på nynorsk humor og som nyttar kvart eit høve til å gjere kritiske intervju med Ottar Grepstad i Aasen-tunet,
kjem også: Finn Tokvam og Halvor Folgerø, med eit av sine nynorske idol, Olav Stedje. Dei kallar seg Tre tylar.

Målprofil: I år er festivalen prega av hundreårsjubileet til Noregs Mållag.
Under opningshøgtida gjev Marita Liabø og Kartein Alnes kvar sin nyskrivne tekst på nynorsk i gåve til hundreårsjubilanten.
– Dei nynorske kulturarbeidarane har alltid vore viktige for nynorsken
og målrørsla. Difor er det ei spesiell glede å vere samarbeidspartnar til
Dei Nynorske Festspela i Mållaget sitt hundreårsjubileum, seier Gro
Morken Endresen, dagleg leiar i Noregs Mållag. Ho framhevar at i år må ein til Festspela, om ein vil delta i ordskifta om mange dagsaktuelle målsaker.
– Festspela er eit av dei største arrangementa i jubileumsåret, og Nynorsk kultursentrum er den viktigaste samarbeidspartnaren vår knytt til jubileumstilskipingane. Eg vonar at mange målfolk nyttar høvet til å ta
turen til Aasen-tunet og festspela.

Språkvinnarar: Kårar vinnarar i nasjonal skrivetevling Over 530 tekstar har kome inn til Noregs Mållags landsomfattande jubileumsskrivetevling.
Oppgåvelyden var ‘Språket mitt‘, og fristen gjekk ut like før påske.
– Oppslutnaden om skrivetevlinga har vore veldig god. Det er
mange gode tekstar i bunken og mange sterke meiningar om språk,
seier Eli Bjørhusdal, tidlegare nestleiar i Noregs Mållag. Ho trur juryen
får ein vanskeleg jobb. I juryen sit Gudleiv Forr, kommentator i Dagbladet,
Torlaug Løkensgard Hoel, professor ved NTNU og Gudrun Kløve Juuhl, skribent og norskstudent.
– Med tevlinga ynskte me å få ungdom til å refl ektera over språket
sitt, og gjennom dét auka medvitet om språkstoda i Noreg og engasjementet
kring språk. Dette har vore vellukka, trur Eli Bjørhusdal. Noregs
Mållag har invitert elevar frå alle ungdomsskular og vidaregåande
skular i landet til å vera med på tevlinga. Elevane tevlar såleis i to
klassar. Premieringa av dei beste tekstane fi nn stad under Dei nynorske
festspela i Ørsta, laurdag 24. juni.
Dette skjer i samarbeid med Eurofoto AS og Startsida.no.

HEGE LOTHE

Teksten står på trykk i Norsk Tidend 3/2006
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no