Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 Internasjonal konferanse i Bergen 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Internasjonale perspektiv på målreising

 (18.05.2006)

Noregs Mållag, Universitetet i Bergen og Høgskulen i Volda inviterer til ein større internasjonal språkkonferanse. Internasjonalt utval i Noregs Mållag, med Trond Trosterud i spissen, har sett saman eit spennande program. Internasjonal konferanse vert frå fredag 10. til 12. november 2006 i Bergen.

Viktige spørsmål vert; Kva er bakgrunnane og strategiane til framgangsrike og mindre vellukka målreisingar og språkpolitikkar? Korleis er nynorsken sitt tilhøve til nye og gamle minoritetsspråk? Korleis skulen kan oppfylla måla om å gjera alle elevar tospråklege og fleirspråklege?

Konferansen heiter Målstrid og mangfald. Mellom innleiarane finn du Nicholas Ostler (om ein politikk for språkleg mangfald), Marion Löffler (om walisisk målreising), Pia Marit Johanne Lane (om minoritetsspråk og språkpolitikk i dei nordiske landa), Aase Norunn Digernes (om det uforløyste i målrørsla si sjølvsforståing: Nynorsken sitt høve til nye og gamle minoritetsmål i Noreg), Bente Ailin Svendsen og Petter Skarheim om Ein ny norsk språkpolitikk i skulen. Korleis gjera alle tospråklege?

Stad: Universitetet i Bergen
Dato: Fredag 10. til 12. november 2006
Påmelding til: Noregs Mållag, pb 474 Sentrum, 0105 OSLO, nm@nm.no, telefon 23 00 29 30 eller faks 23 00 29 31.
Deltakaravgift: 400,-
Les meir her: http://www.nm.no/tekst.cfm?path=10210,10278

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no